Solvorn ferjekai er eit ferjeanlegg sentralt i Solvorn.

Sidan Jakob Walaker i 1859 stilte bryggja si til disposisjon for kommunen hadde Fylkesbaatane fast stopp her med dampskipruta gjennom Sogn. I 1964 fall alle lokalrutene til rutebåten i Lustrafjorden bort, bortsett frå ruta til Årdal som vart erstatta av ferjesambandet Årdalstangen-Solvorn-Ornes(-Kroken). Med dette fekk Solvorn òg ny ferjekai. Sidan 1990 har sambandet berre gått mellom Solvorn og Ornes.

Oppstillingsplassen står av to felt, begge er om lag 18 meter lange, og er tilknytt enden til Fylkesveg 5642. Vegen går gjennom bygda til Fylkesveg 55 på Solvorngalden.

Kjelder

Kategori:Ferjeleie i Vestland Kategori:Samferdsle i Luster