Central River Region (tidlegare Central River Division) er eit av seks forvaltingsområde i den vestafrikanske staten Gambia. Regionen omfattar Local Government Area Janjanbureh og Local Government Area Kuntaur.

Geografi Regionen på 2895 km² ligg på begge breidder av Gambiaelva. Regionen er vidare inndelt i ti distrikt. I 2013 hadde han eit estimert folketal på innbyggjarar.Central River Region ved bevoelkerungsstatistik.de I vest grensar han til Lower River Region og North Bank Region og i aust til Upper River Region. Det administrative senteret er i Janjanbureh, som ligg på Janjanbureh-øya, og utgjer sitt eige distrikt, Janjanbureh. Den største byen er Bansang i Fulladu West-distriktet, med innbyggjarar.

Distrikt Dei ti distrikta er Lower Saloum, Upper Saloum, Nianija, Niani, Sami, Niamina Dankunku, Niamina West, Niamina East, Fulladu West og Janjanbureh.

Busetnader Dei største busetnadane er:

Bansang, 8535 Brikama Ba, 4204 Janjanbureh, 3998 Madina Umfally, 3145 Kuntaur, 3074 Sami, 3040 Jarreng, 3037 Kundang, 2555 Kerewan Samba Sira, 2283 Saruja, 2196

Folkesetnad Ifølgje ei undersøking frå 1993 (den dåverande folketeljinga) var den største folkegruppa mandinka, som utgjorde kring tre tidelar av folkesetnaden, følgd av fula- og så voloffolk. Fordelinga i detalj var: 29,5 % mandinkafolk, 37,2 % fulaniar, 26 % voloffolk, 0,6 % jolafolk, 4,1 % serahule, 0,4 % sererfolk, 0,1 % aku, 0,3 % manjago, 0,6 % bambara og 1,2 % andre folkeslag.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Central River Region» frå , den 2. september 2024.

Kategori:Regionar i Gambia