Hadle Rasmus Bjuland () er ein norsk politikar for KrF frå Nærbø i Hå kommune i Rogaland.

Politisk karriere Bjuland har vore politisk nestleiar i ungdomspartiet og fylkesleiar for både Aust-Agder og Vest-Agder KrFU, og vore politisk rådgjevar for bystyregruppa til KrF i Oslo. Han har dessutan yrkja for KrF si stortingsgruppe, fyrst som praktikant og seinare som kommunikasjonsrådgjevar.

Bjuland var leiar for Kristeleg Folkepartis Ungdom frå 16. oktober 2021 til 25. oktober 2025.

Ved stortingsvalet 2021 var han 2. kandidat for Rogaland KrF, og vart valt inn som 1. vararepresentant frå KrF i Rogaland på Stortinget for perioden 2021–2025. Han møtte for representanten Olaug Bollestad frå 1. til 14 oktober 2021, då ho sat i regjeringa Solberg som statsråd for Landbruks- og matdepartementet, med samstundes ansvar for Barne- og familiedepartementet. Ved stortingsvalet 2025 var han 2. kandidat for Rogaland KrF, og vart valt inn som 1. vararepresentant for Rogaland på Stortinget for perioden 2025–2029.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hadle Rasmus Bjuland» frå , den 4. september 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:KrFU-leiarar Kategori:KrF-politikarar i Rogaland