Tillandsia er ei planteslekt i ananasfamilien som omfattar over 400 artar. Plantane stammar frå Sør-Amerika til sørlege delar av Nord-Amerika. Slekta har namn etter den finske vitskapsmannen Elias Tillandz (opphavleg Tillander).
Plantane i slekta dannar ofte små, iaugefallande blomar. Dei veks anten som epifyttar, eller på fjellveggar og steinar. Nokre av dei har tjukke blad, andre har tynne. Spansk mose er ein kjend art frå slekta.
venstre|mini|Tillandsia cyanea
Tillandsia-plantar blir også nytta som inneplantar, og er då gjerne kjende som luftplantar. Dei treng ikkje nødvendigvis å veksa i ei potte med jord, men kan plasserast i trestykke, skjel eller liknande.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tillandsia» frå , den 8. september 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Planteslekter Kategori:Ananasfamilien