Kaupanger-Revsnes-Gudvangen var eit supplerande ferjesamband i Indre Sogn mellom Kaupanger i Sogndal kommune, Revsnes i Lærdal kommune og Gudvangen i Aurland kommune som del av gamle Europaveg 68 mellom Lærdal og Gudvangen. Sambandet vart til i 1966 då ferjesambanda i Indre Sogn vart lagde opp på nytt med at nye Revsnes ferjekai erstatta gamle Lærdal ferjekai.

Likevel måtte Lærdal ferjekai brukast titt og ofte i etterkant då den nye vegen til Revsnes var svært rasutsett og vegen vart stengd mange gonger. Difor vart Revsnes ferjekai og vegen dit stengt umiddelbart i 1995 etter opninga av det nye riksvegsambandet Mannheller-Fodnes mellom Lærdal og Kaupanger, og Kaupanger-Revsnes-Gudvangen vart erstatta av det gamle sambandet Lærdal-Kaupanger-Gudvangen med lengre overfartstid vart sett i drift att som ei mellombels løysing til Lærdalstunnelen opna i 2000.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Kristin Ese: «Dei første ferjesambanda i Sogn» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland Finn Borgen Førsund: «Dampen og kaia : stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998» på nettstaden til Nasjonalbiblioteket

Sjå òg Årdalstangen-Kaupanger-Revsnes-Gudvangen

Kategori:Tidlegare ferjesamband i Vestland Kategori:Tidlegare del av Europaveg 16 Kategori:Samferdsle i Aurland Kategori:Samferdsle i Lærdal Kategori:Samferdsle i Sogndal Kategori:Skipingar i 1966 Kategori:Nedleggingar i 1995