Svartfuru (Pinus nigra) er ein art i furufamilien som er utbreidd i fjella i middelhavslanda.

Treet blir 25–45 m høgt med ein stammediameter på 100–180 cm. Stammen er rett, og borken er gråbrun og skjelete. Krona er uregelmessig eggforma og glissen lengst nede, men tettare lengre oppe. Nålene er mørkegrøne og sit parvis; dei er 8–15 cm lange. Konglene blir 5–10 cm lange og er eggforma og tilspissa.

Svartfuru er ein typisk supra- eller submediterran plante. Han veks lenger mot nord, eller høgare til fjells, der temperaturen blir for låg og nedbøren for høg til at den eigentlege middelhavsvegetasjonen kan veksa. Furua trivst best 800–1500 moh., men kan veksa både lågare og høgare. Ho er ikkje kresen på jordsmonnet og veks på kalkstein, dolomitt, sur jord og vulkansk jord.

Denne arten toler luftforureining betre enn andre furuer, og er derfor mykje planta både i Europa og USA. Ho finst også planta i Noreg.

Underartar Det er skildra ei rekkje underartar av svartfuru, men ho er eigentleg ikkje meir variabel enn andre furuartar. Det er likevel naturleg å dela arten i fem underartar. Adriahavet og Podalen dannar eit gap mellom dei to viktigaste underartane på over 600 km, og svartfuru manglar i dei sørlege Alpane, sjølv om vekstforholda der burde vera gode. Følgjande inndeling følgjer The Gymnosperm Database.

subsp. nigra – nordaustlege Italia, Austerrike, Slovenia, Kroatia, Bosnia-Hercegovina, Montenegro, Serbia, Nord-Makedonia, Albania subsp. dalmatica – kysten i Kroatia subsp. pallasiana – Romania, Serbia, Nord-Makedonia, Bulgaria, Hellas, Tyrkia, Kypros, Krim, Vest-Kaukasus subsp. salzmannii – Spania, Pyreneene, Cevennene i Sør-Frankrike og svært spreidd i Marokko og Algerie subsp. larico – Korsika, sentrale og sørlege Italia, Sicilia

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Svartfuru» frå , den 27. september 2024.

Litteratur

Bakgrunnsstoff

Kategori:Furuslekta