Öhringen er ein by og ein kommune nord i forbundslandet Baden-Württemberg i Tyskland, om lag 25 kilometer aust for Heilbronn. Kommunen omfattar 67,8 km² og har over 25 000 ibuarar.
Öhringen høyrer til landkrinsen Hohenlohekreis.
Frå 1677 styrte fyrstar av Hohenlohe-ætta over Öhringen til 1806, då byen vart underordna kongeriket Württemberg. Hohenlohe-tida var ein økonomisk framgangperiode for byen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Öhringen» frå , den 3. oktober 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Baden-Württemberg