Grinde-Balestrand-Vetlefjorden var eit ferjesamband mellom Grinde ved Leikanger i dåverande Leikanger kommune, Balestrand og Ulvestad i Vetlefjorden i dåverande Balestrand kommune. Sambandet vart til i 1939 med opninga av vegen over Gaularfjellet, og fekk mange endringar i løpet av dei komande åra i takt med vegbygginga i området.
Vangsnes i Vik kommune fekk ferjelem i 1945 og vart eit fast stopp på sambandet som no vart kjend som Grinde-Vangsnes-Balestrand-Vetlefjorden.
I 1951 opna ny veg mellom på vestsida av Vetlefjorden, og Gaularfjellsvegen vart ferjefri til Balestrand. Med dette vart Vetlefjorden sløyfa frå sambandet, som deretter gjekk som Grinde-Vangsnes-Balestrand. Fem år etter, i 1956, opna veg frå Grinde til ny ferjekai på Hella i tillegg til ny ferjekai i Dragsvik, og sambandet tok den nye forma Vangsnes-Hella-Dragsvik-Balestrand.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Kristin Ese: «Dei første ferjesambanda i Sogn» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland Kristin Ese: «Leikanger-Hella og Vetlefjord-Dragsvik» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland Finn Borgen Førsund: «Dampen og kaia : stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998» på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
Sjå òg Grinde-Nordeide
Kategori:Tidlegare ferjesamband i Vestland Kategori:Samferdsle i Sogndal Kategori:Skipingar i 1939 Kategori:Nedleggingar i 1956