Edel Therese Høiseth () er ein norsk tidlegare skeiserennar og seinare -trenar frå Siljan i Telemark. Ho vart nummer 2 i sprint-VM 1996 i Heerenveen. Sesongane 1996 og 2000 la ho beslag på andreplassen på 1000 meter i verdscupen.

Aktiv Høiseth dominerte dei nasjonale tevlingane på skeiser i tida 1985-2002. Desse år sikra ho seg meistertittelen i 14 noregsmeisterskap i sprint-firkamp og ein gong i full firkamp. I tillegg vann 26 NM-gull på enkeltdistansar: 12 på 500 meter, 11 på 1000 meter, 3 på 1500 meter. Ho vart tildelt 5 kongepokalar. Høiseth sette 40 norske rekordar: 16 på 500 meter, 13 på 1000 meter, ein på 1500 meter, 9 i sprint-firkamp og ein i liten firkamp. Ho var norsk rekordhaldar på 500 meter frå 1984 til 2017.

Høiseth deltok internasjonalt i 19 sesongar. Vinteren 1983 debuterte ho i både europameisterskap og verdsmeisterskap. 13 år seinare sikra ho seg si einaste internasjonale meisterskapsmedalje då ho kom på andreplassen i Verdsmeisterskapen i sprint 1996 i Heerenveen, 0,18 poeng bakom Chris Witty frå USA. Under sprint-VM 2000 i Milwaukee vann ho den fyrste av dei to 500-meterane. Perioden 1984 til 1998 deltok Høiseth i alle fem vinterleikane. Men ein åttandeplass på 500 meter i Vinter-OL 1994 på Lillehammer vart hennar beste prestasjon i olympiske leikar.

Høiseth var medlem 1975-87 i Idrettsforeningen Herkules, sidan medlem i Geithus Idrettslag.

Personbeste Distanse Tid Dato Stad Bane 500 m 38,40 29. januar 2000 Calgary Olympic Oval 1 000 m 1.15,37 30. januar 2000 Calgary Olympic Oval 1 500 m 1.59,97 17. mars 2000 Calgary Olympic Oval

Trenar Høiseth har sidan 2014 vore sjefstrenar for det norske kvinnelandslaget på skeiser.

Kjelder Store norske leksikon

Kategori:Norske skeiseløparar Kategori:Kongepokalvinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Noregsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Noregsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Sprint Kategori:Noregsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Enkeltdistanse Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1984 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1988 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1992 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1994 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1998 Kategori:Folk frå Skien