Nebulossa (spansk uttale: [neβuˈlosa]) er ein spansk -duo frå Ondara, som består av vokalist og keyboardist og produsent .
Nebulossa vann med songen «Zorra» og representerte Spania i Eurovision Song Contest 2024.
Liv og virke Nebulossa blei skipa i 2018. Duoen består av ekteparet (vokalist) og (keyboardist og produsent). Paret har vore gift i over 20 år og har to barn saman.
Namnet på gruppa spelar på det spanske ordet for stjernetåke, nebulosa, fordi dei på ein tur til drog til eit astronomisk observatorium der dei heila tida nemnde dei. Den doble s-en i bandnamnet er eit symbolsk referanse til det katalanske språket der mange ord brukar denne skrivemåten.
I 2022 deltok Nebulossa, som ein trio saman med , i , den sanmarinske uttakinga til Eurovision Song Contest 2023, men gjekk ikkje vidare frå auditionrundane. I 2024 deltok Nebulossa i , den spanske uttakinga for Eurovision Song Contest 2024, med songen «Zorra». Duoen kvalifiserte seg frå semifinalen og vann til slutt finalen laurdag 3. februar 2024. Som følgje av sigeren representerte duoen Spania i finalen av Eurovision Song Contest laurdag 11. mai 2024 i Malmö. I finalen enda Nebulossa og «Zorra» på 22. plass med 30 poeng.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nebulossa» frå , den 22. desember 2024.
Kategori:Spanske musikkgrupper Kategori:Spanske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Spanske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-låtskrivarar