Argentinasporv (Poospiza ornata) er ein fugleart i tanagarfamilien Thraupidae. Han er endemisk for Argentina og har habitat i økoregionen argentinsk monte.

Skildring

Argentinasporven er ca. 13 cm lang og veg ca. 12,5 gram og er med det ein relativt liten tanagar. Hannane har ei iaugefallande fjørdrakt med kanelfarge på rygg og underside. Hovudet er grått med ei lang og brei kanelfarga augebrynstripe, supercilium. Dei har òg to kvite vengband på elles grå venger. Hoene har ein meir dempa fargepalett, med gråbrun fjørdrakt og antydingar av kanel på vengene og ryggen.

Utbreiing og habitat

Denne arten er endemisk til Argentina og lever sommarstid i argentinsk monte i provinsane Salta og Catamarca til Neuquén, Río Negro og sørlege Buenos Aires-provinsen. Her finst dei hovudsakleg i subtropiske eller tropiske tørre skogar og tørre busklandskap i monteørkenen. Dei er også kjende for å leve på meir opne grassletter.

Argentinasporven er dels ein standfugl, men nokre fuglar kan røre seg mot nord og aust i den kaldaste årstida og lever da kanskje som streiffuglar.

Føde

Argentinasporven et hovudsakleg frø, inkludert frø frå gras, ugras og små kornsortar. Om våren kan dei også søkje bær og virvellause dyr. Desse fuglane er svært sosiale og sest ofte i små flokkar eller i blanda grupper med fleire artar når dei leitar etter mat utanom hekkesesongen.

Kjelder

Sagario, M. C., V. R. Cueto, J. Lopez de Casenave, F. A. Milesi, and L. Marone (2021). Cinnamon Warbling Finch (Poospiza ornata), version 1.0. In Birds of the World (T. S. Schulenberg, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.ciwfin2.01.1

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tanagarfamilien Kategori:Fuglar_endemiske_for_Argentina