Alvdalsmål (stundom kalla alvdølsk/alvdøl; lokalt: âḷvdøḷ, âḷvdâḷsk) er ein norsk dialekt som hovudsakleg vert brukt i Alvdal kommune i Nord-Østerdalen, og høyrer til dialektgruppa østerdalsmål og er rekna som eit flatbygdmål og variant av austlandske talemål.

Grammatikk

Dativ I Alvdalsmålet har dativ i bunden form overlevd mellom mange eldre brukarar, inkjekjønn og hankjønn får a-ending, hokjønn får en-ending, og fleirtal får om-ending i alle kjønn. Desse formene førekjem ofte etter preposisjonar eller for å markere indirekte objekt. Nokre døme på dette er fylgjande:

Katta satt oppå stoḷa

En gång i ti’n

Oppi fjella

Tvi i fjellom

Historisk vart pronomen, hovudsaklig i 2 person eintal, bøygde i dativ, som i norrønt hánum og hęnnar: (hornom for han, og hennar for ho).

Jamnvekt og kløyvd infinitiv Alvdalsmålet høyrer, i likskap med mange av dei andre dialektane i Nord-Østerdalen, til det austnorske jamnvektsområdet, og her gjeld soleis jamnvektslova. Som eit resultat av jamnvektslova har alvdalsmålet kløyvd infinitiv. Kløyvd infinitiv gjer at dei norrøne jamnvektsorda endar på -a: å eta, å læsa, medan dei gamle overvektsorda endar på -e: å kaste, å bite, å drømme. I Alvdalsmålet er jamninga særleg sterk, med mykje utjamning av vokalane i jamvektsorda. I infinitiva er jamningsresultatet å-å, døme: å våttå, å tåḷå, å bårrå, å låvvå, å såvvå.

Målprøve med omsetjing til nynorsk +AlvdalsmålNynorskEi æ væ gḷa’ i friluftsliv da, og turmulehetan me ha’ i Lilledaḷ’n ell’ Êḷvedaḷ’n, og så kan ei nå’ sitte mæ et lite TV-spell for å koble av litt. Ellers så jobbe ei i barnehave og litt i TFF, og æ veldig gła’ i fôḷk. Dæ må’n jo óg, for det bḷi’ nå litt vansklé å jobbe mæ fôḷk viss’n itte like’ fôḷk.Eg er glad i friluftsliv, og turmoglegheitene vi har på Alvdal, så kan eg sitte med eit TV-spel for å kople av litt. Elles jobbar eg i barnehage og litt i TFF, og er glad i folk. Det må eg berre gjere óg, for det vert litt vanskeleg å jobbe med folk om eg ikkje liker dei.

I populærkulturen

Musikk Musikkgruppa Travellin' Imbesiles er kjend for å synge songar på alvdalsmål, og har gjeve ut mange av dei på CD.

Litteratur Forfattaren og teiknaren Kjell Aukrust brukte lokale ord og uttrykk i mange av bøkene sine. Men det er nokre skilnadar på idiolekten til Aukrust og typisk alvdalsmål, nokre døme på dette er fylgjande:

På alvdalsmål brukast vanlegvis pronomenet ei i 1-person eintal, medan det i Kjell Aukrust sine tekstar står je. Svake verb i preteritum har a-ending i Aukrusts verk, medan det oftast er e-ending på alvdalsmål.

Alvdalsmålet i dag Alvdalsmålet har byrja å bli stadig mindre og mindre utbreidt hjå yngre talarar i nyare tid. Mange yngre går over til standard austnorsk, med nokre lokale innslag, som til dømes an-endingar i bunden fleirtal. Dialekten overlever samstundes best hjå eldre talarar.

Sjå óg Alvdal kommune Kjell Aukrust Østerdalsmål

Kjelder

dialekter i Østerdalen-Store norske leksikon Alvdalsmålet i ord og utrykk, Tor Omar Tronsmoen, 2007

Delar av denne artikkelen bygger på «Østerdalsmål» frå , den 30. januar 2025. Denne artikkelen bygger på «Old Norse morphology» frå , den 30. januar 2025.

Kategori:Norske målføre