Lars Hansson Thorsnæs () var ein skipper og trelasthandlar i Ålesund.

Lars var frå garden Torsnes i Jondal i Hordaland. Til liks med andre, samtidige hardingar vart han sysselsett i sjøfart, vart med tida skipper på eigne farty. Oktober 1837 drog han frå Kristiansund med jakta «Schandinavien» til Drammen, lasta med «Fiskevarer». Han slo seg ned i Ålesund og etablerte seg som handelsborgar i sunnmørsbyen.

Lars var gift 1839 med Fredrikke Ivarsdotter Mechlenburg (1816-1842) frå Vegsund i Borgund. Dei vart foreldre til to døtrer, Agnete og Johanne. Begge døtrene var gift og busett i Ålesund.

Kjelder Romsdals Amt-Tidende, 4. november 1837 Folketeljing 1865 Klokkarbok for Ålesund prestegjeld 1878-88

Kategori:Norske skipsførarar Kategori:Folk frå Jondal Kategori:Folk frå Ålesund