Peder Tjøstolvsson Aas () var ein norsk lærar og gardbrukar frå Vegårshei i Aust-Agder. Han representerte Holt krins i Stortinget 1906-09, røysta med Samlingspartiet.

Aas var seminarist 1873 frå Holt seminar. Han var 1874-77 lærar i Vegårshei. Saman med ein bror dreiv han farsgarden 1877-82. I 1882 kjøpte han garden Rød i Søndeled og budde der resten av livet. Han var medlem i heradsstyret i mange år, heilt til han døydde. 1889-95 var han ordførar i Søndeled. Han var elles forlikskommissær 1894-1907, medlem i amtsskulestyret 1896-1912, og i mange år styreleiar i den lokale sparebanken.

Hausten 1906 vart Aas vald til å representere einmannskrinsen Holt i stortinget. På Tinget var han medlem i Landbrukskomiteen.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Tvedestrandsposen 7. mai 1919

Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Norske gardbrukarar frå 1900-talet Kategori:Folk frå Vegårshei Kategori:Folk frå Tvedestrand