Hans Christian Smith () var ein dansk-norsk sorenskrivar og stortingsmann, fødd i Fredericia.

Smith vart utdanna jurist i København i 1802. Frå 1803 var han politifullmektig i Kristiania. Frå 1808 hadde han i tillegg ulike posisjonar i infanteriet og deretter artilleriet. I 1815 var han medlem av kriminalretten i Noreg, og i 1818 av kommisjonen om bondeoppreisten. Frå 1818 arbeidde han som sorenskrivar i Rakkestad til han døydde.

Smith representerte Smaalenenes amt i stortinga 1824 og 1827, og på Omframtstortinget 1827-28. 1824 var han sekretær i Justiskomiteen og medlem i Komiteen om veglova og utreiarlova, og i 1827 medlem i Justiskomiteen.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1824-1826 Kategori:Stortingsrepresentantar 1827-1829 Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:Folk frå Fredericia