Andreas Zacharias Aagaard () var ein norsk kjøpmann og stortingsmann frå Hammerfest. Aage Aagaard var far hans.
12 år gammal vart Andreas Aagaard send til tysk skule i Arkhangelsk. Etter tre år kom han heim til Hammerfest, og arbeidde så tre år i handelen til faren. I 1835 slo han seg ned i Tromsø og var kjøpmann med omfattande utanlandshandel, særleg til tyskspråklege land.
Aagaard var medlem i Tromsø bystyre frå 1849 og forlikskommissær frå 1867. I 1851 møtte han i Stortinget frå 14. juni som varamann for Anton Harris og valkrinsen Tromsø og Hammerfest. 1857 representerte han Tromsø, Hammerfest og Vadsø i Stortinget, og var medlem i Tollkomiteen. I 1858 møtte han ikkje i omframtstortinget, grunna forretningar.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Norske kjøpmenn Kategori:Folk frå Hammerfest Kategori:Folk frå Tromsø