Greta Thiis () var ein svenskfødd norsk kunstmålar og kunstadministrator, med fleire separatutstillingar og inntakingar til Haustutstillinga.

Liv og virke Eigentleg heitte ho Greta Wilhelmina Swenborg. Foreldra hennar var postmannen Jöns Swenborg (1853–1936) og Kerstin Lundquist (1858–1930). I Stockholm, den 28. oktober 1923, gifta ho seg med nordmannen Helge Thiis (1897–1972) som hadde studert arkitektur i byen nokre år. Etter eit års ferie og jobb i Italia budde dei i Kristiania fram til 1930, då Helge måtte til Trondheim for å jobbe med Nidarosdomen. Dei hadde då barna Aina Thiis Leirdal (fødd 1924), som blei keramikar, og Tone Thiis Schjetne (1928–2015), som blei bilethoggar. I Trondheim fekk dei glaskunstnaren Ragna Thiis (fødd 1940). Under den andre verdskrigen hadde mannen spionert på tyskarane og måtte flykte med Greta og barna til Sverige. Dei var fyrst eit par år i Stockholm og så eit år i Dalarna. Dottera Aina byrja på skolan i 1943.

Sjølv byrja Greta å måle i 1934 og blei med ein gong teken inn på Haustutstillinga, der ho også hadde eit titals oppheng i åra etter. Ifølgje var Filosofen av 1935 «i en realistisk stil med et naivistisk anstrøk», sjølv om kunstnaren «kom sent i gang med å male». Også meinte ho hadde «naivistisk detaljerte bilder». Etter å ha hatt to separatutstillingar i Trondheim og ei i Stockholm, debuterte ho 1951 i i Oslo med 35 måleri og liknande i ei separatutstilling. Eit av dei var «Fra Søder i Stockholm». I 1948 var ho ein av 29 trøndermålarar i Oslo Kunstforening, og sat også i komiteen som førebudde utstillinga.

I 1959 stal ein 12-åring eit av bileta hennar frå Trondheim katedralskole og forsøkte fånyttes å selje det for 4 kroner til ein mann. I 1963 hadde ho ei utstilling på i Bergen av måleria sine frå Hellas, mellom anna Kvell, Mykonos og Muren og blomsten, som meinte «bærer preg av for liten tid til innlevelse» og på grensa til å vere «turistmaleri». Ho bidrog såvel til utsmykkinga av Dombås kyrkje (innvigd 1939) og Vadsø kyrkje (innvigd 1959).

Greta Thiis omsette ein del, som i 1933 då ho tok for seg Marie Hamsun si Bygdebørn, som på svensk blei Barnen på Fäbodvallen. Ho skreiv også kronikkar, som i 1930 då ho i Aftenposten skreiv om Arkitektstudiets nye veier (10.11.1930). Den siste separatutstillinga hennar gjekk av i 1981, eit år før ho døydde. Ho er æresmedlem i Trøndelag Bildende Kunstnere som ho leia i perioden 1951–67. Elles tok ho i 1949 initiativ til Trondheim kunstskole (som blei til ), og som ho leia i tjuefem år. Mannen hennar Helge Thiis døydde i 1972 etter å ha vore domkyrkjearkitekt og leiar av restaureringsarbeida av Nidarosdomen frå 1930.

thumb|Alterveggen i Vadsø kyrkje er verk av Greta Thiis.

Verk Filosofen, 1935 Vårstigen, Dovre, 1938 Altartavle, Dombås kyrkje Fra Kvikne Stilleben med terrakottahode Ragnas dukker Fra Søder i Stockholm Sødermalm Oliventrær, 1952 Kvell, Mykonos Muren og blomsten

Omsetjingar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Greta Thiis» frå , den 8. mars 2025.

Kategori:Norske målarar Kategori:Svenske målarar Kategori:Kvinnelege målarar Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Folk frå Sollefteå Kategori:Folk frå Stockholm Kategori:Målarar frå 1900-talet