Reidun Gravdahl () er ein norsk arbeidar og politikar frå Vestre Toten i Oppland. 1997-2001 representerte ho Oppland og Arbeidarpartiet i Stortinget.
Reidun Engen voks opp på Solvoll i Vestre Toten. Etter ho gifte seg busette ho på Raufoss i Østre Toten. Frå 1978 arbeidde ho ved Raufoss Ammunisjonsfabrikker. Her engasjerte ho seg for Fellesforbundet. I 1986 vart ho vald til tillitsperson på heiltid, som studieleiar og nestleiar i klubben på fabrikken.
Gravdahl var Oppland Arbeidarparti sin fjerdekandidat ved stortingsvala 1997 og 2001. Perioden 1997-2001 hadde ho fast sete i Stortinget der ho var medlem i Sosialkomiteen. Arbeidarpartiet gjekk kraftig tilbake ved valet i 2001 og tapte eit mandat. Som 1. vararepresentant møtte ho fleire gongar på 2001–2005-stortinget. 2003-15 var ho medlem av Oppland fylkesting. Fireårsperioden 2007-11 var ho fylkesvaraordførar.
Kjelder stortinget.no
Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005