mini|Ei norsk merkjeøks frå 1960-tallet. Her er det sett merke i borken, men på grunn av at eit merke i borken forsvinn under transport eller anna handsaming av stokken lyt ein setta merkje der det ikkje er bork. Ein blinkeøks er ei øks som tidlegare vart nytta for blinking og merking av skog som skulle høggast. Ei slik øks er ein kombinasjon av ei vanleg øks med plan egg, som vert nytta for å blinke trestammane, og ei merkjeøks i øksehammaren som vart nytta for å setta merkje med.
Merkeøksa har eit speilvendt merkje slik at merkjet vart rettvendt på treet eller tømmerstokken. Med ei blinkeøks slapp ein å ha med både ei vanlig øks og ei merkjeøks når det skulle blinkast og merkjast i skogen.
Kategori:Skogsreiskapar Kategori:Skogbruk