Nina Hasvoll (), også Hasvold og Hasvold Meyer, var ein russisk-norsk psykoanalytikar. Ho leia den jødiske barneheimen i Oslo under andre verdskrigen, og rømde i 1942 til Sverige med 14 born. Barneheimen og flukta inspirerte til filmen av .
Bakgrunn og reisa til Noreg Hasvoll blei fødd inn i ein jødisk familie i St. Petersburg som Nina Hackel. Faren hennar var farmasøyt og seinare forretningsmann, som blei rik på ei salve mot . Som følgje av den russiske revolusjonen emigrerte familien i 1918 i likskap med adelege og andre kapitalistar til Tyskland, og slo seg ned i Berlin. Ho gjekk på det sosialpedagogiske seminaret til i . Frå 1931 til 1936 studerte ho ved Berlin psykoanalytiske institutt. Ho gjekk til analyse hos Adelheid Fuchs-Kamp, og saman med Nic Waal på barneheimsseminaret leia av og .
Utviklinga etter maktovertakinga til Hitler medførte at Hasvoll flykta til Frankrike. I 1936 reiste ho til Oslo for å studere psykologi. Ho slutta seg til krinsen omkring Wilhelm Reich og tok karakteranalyse-utdanning hos Nic Waal. Psykologistudia gav berre eit halvt års opphaldsløyve. Ho inngjekk difor eit ekteskap med den sosialistiske journalisten for å få permanent opphaldsløyve i Noreg. Ekteskapet blei oppløyst ved skilsmisse i 1943.
Flukta til Sverige I 1938 overtok Hasvoll leiinga av ein barneheim i den jødiske kyrkjelyden i Oslo. Barneheimen hadde tatt i mot jødiske barn frå Austerrike og Tsjekkoslovakia. Etter at jødeforfølginga hadde starta i Noreg i 1942, flykta ho til Sverige med 14 barn, seks jenter og åtte guttar i alderen 8 til 14 år. Det starta den 25. november 1942 då Hasvoll fekk eit varsel frå Nic Waal om rykta om det som skulle skje same natt. Den 26. november 1942 blei 532 norske jøder frakta med «Donau» og vidare til utryddingsleiren Auschwitz. Borna i barneheimen blei fyrst bringa til leilegheita til Gudrun og Ragnar Karlsen på . Derfrå blei dei bringa i to puljer til leilegheita til Gerda Tanberg på Ullern. Der låg de i dekning til Waal og Tanberg hadde organisert transport til Sverige. Flukta til Sverige føregjekk i to puljar, der Hasvoll og kun gutar reiste fyrst, deretter dei øvrige. Borna køyrde med drosje til ei tømmerkoie ved Kongsvinger. Derfrå gjekk dei til fots over grensa. I Sverige flytta dei inn i huset Engabo i Alingsås utanfor Göteborg.Dagbladet, lørdag 17. oktober 2015. For flukta og redningsaksjonen blei Hasvoll og medhjelparane hennar tildelt Yad Vashem si æresbevising . Blant borna som flykta til Sverige var . Dottera hans, , er kalla opp etter Hasvoll.Aftenposten 21. okt. 2015.
Etter andre verdskrigen drog Hasvoll saman med tyske og jødiske Peter Meyer, til Danmark. Paret gifta seg i København den 5. april 1950. Ho blei i 1951 æresmedlem i og praktiserte som psykoanalytikar i København. Hasvoll blei tilsett som den fyrste psykologen ved eit dansk sjukehus. Tilsetjinga blei fyrst gjord som «barnehagelærar». Då tittelen blei endra til psykolog, tok det tid før tenestene hennar blei anerkjende, då psykologar også av universitetsprofessorar blei betrakta som kvakksalvarar («kloge koner»).
Nina Hasvoll døydde 19. desember 1999.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nina Hasvoll» frå , den 30. mars 2024.
Kategori:Norske psykologar Kategori:Norske motstandsfolk Kategori:Folk frå St. Petersburg