Åmund Larsson Tandstad () var ein jekteskipper og gardbrukar på Tandstad i Sykkylven.
Åmund var frå Åmundgarden Tandstad. Han «dreiv bondehandel og reiste med jakt langs kysten. Såleis var han ofte i Trondheim.» På sine eldre dagar fortalde han ofte frå den tida han dreiv «Trondheimshandel med jakt». Avisnotisar frå 1839 syner at han då var på veg til og frå Trondheim med jekta «Petrine Elisabet».
Åmund kjøpte Pålgarden Tandstad i 1833. 1836 gifta han seg med Karen Olsdotter (1803-1850), enkja i Pålgarden. 1851 gifte han seg ei anna enkje, Marte Jakobsdotter (1801-1866), ho opphavleg frå Fet. Inkje born i korje ekteskap. År 1857 bygsla han bort Pålgarden og sat på kår til han døydde.
Kjelder Sykkylven. Gardssoga II Romsdals Amtstidende 18.mai 1839 Trondhjems borgerlige Realskoles alene-priviligerede Adressecontoirs-Efterretninger, torsdag 13. juni 1839
Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Norske skipsførarar Kategori:Folk frå Sykkylven