mini|Verknaden sterk kuling har på sjøen Sterk kuling er vindstyrke 8 i Beaufortskalaen og den sterkaste av kulingkategoriane med ein vindsnøggleik på 17,2–20,7 m/s eller 63-75 km/t. Den eldre sjønemninga er klossreva kuling
Verknad på land Vinden brekk av kvister på tre. Det er særs tung å gå mot vinden.
Verknad i fjellet Fjellet står i kok. Kvister og lav frå trea driv med vinden. Det er særs vanskeleg å gå på ski, og nesten umogeleg å bere skia på nakken. Snøfokk set ned sikta til under 100 m og det er umogeleg å orientere seg i terrenget. Det er særs vanskeleg å følgje sjølv godt kvista løyper.
Verknad på sjøen Middel høge bølgjer (5,5 til 7,5 m) av større lengd. Bølgjekammane er ved å brytast opp i sjørokk, som driv i tydelege markerte strimer med vinden.
Andre språk Språk Namn Svensk Hård vind (på land), hård kuling/kultje (til sjøs) Dansk Hård kuling Færøysk Skrið Islandsk Hvassviðri Engelsk Gale eller fresh gale
Kjelder
Kategori:Vind