mini|Verknaden til laber bris på sjøen. Laber bris er kategori 4 i Beaufortskalaen og er den midtre av briskategoriane. Vindsnøggleiken er då 5,5-7,9 m/s eller 20-29 km/t. I eldre sjønemning heiter vindstyrken merseils kuling.

Verknad

På land Vinden løfter støv og lause papir, rører kvister og smågreiner og strekk større flagg og vimplar.

Til fjells Laber bris er ubehageleg i kaldt vêr og gjev merkbar motstand. Snødrevet mot ansiktet er særs sjenerande.

Til sjøs Bølgjene vert lengre (høgd 1-2 m) Ein del skumskavlar.

Andre språk Språk Namn Svensk Måttlig vind (på land), frisk bris (til sjøs) Dansk Jævn vind Færøysk Andøvsgul Islandsk Stinningsgola Engelsk Moderate breeze

Kjelder

Kategori:Vind