Geir Jomaas () er ein norsk lækjar og handballspelar frå Arendal. Han vart noregsmeister fire gongar og seriemeister 2005 og 2006 med Sandefjord Turn- & Idrettsforening. Jomaas var rykkromspelar, ofte i rolla som spelstyrar. I 2006 kåra til årets spelar i Noreg.

Karriere Klubbspel Jomaas var aktiv i Øyestad IF til 1993. Sidan spelte han ein sesong for Refstad/Veitvet og to sesongar for Fredensborg/Ski. Perioden 1996-2002 gjorde han teneste i Drammen HK, før han avslutta si tid som aktiv med å spele på Sandefjord TIF (seinare Sandefjord Håndball) sitt lag i åra frå 2002 til 2010.

Landslagsspel Jomaas deltok i 10 landskampar. Fire kampar i 1999/2000 og seks i 2005 resulterte i 4 landslagsmål.

Merittar Noregsmeister: 2002/03, 2003, 2005 og 2006 med Sandefjord TIF Seriemeister: 2005 og 2006 med Sandefjord TIF NM-finalist: 1998/99 og 1999/2000 med Drammen HK

Privatliv Jomaas er gift med handballspelaren Birgitte Sættem.

Kjelder

handball.no Sandefjords Blad 28. april 2006 Sandefjords Blad 4. januar 2007

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Folk frå Arendal