Jon Reinertsen () er ein norsk tidlegare handballspelar frå Oslo. Han vann fem kongepokalar og tre seriemeisterskap som Fredensborg-utøvar. Reinertsen var rykkromspelar.

Karriere Klubbspel Reinertsen var aktiv i Fredensborg frå 1963 til 1977. Med laget frå Oslo vann han fem kongepokalar, den fyrste i 1965 og den siste i 1974. Sesongen 1965/66 var han ein av dei sentrale spelarane då Fredensborg vann 1. divisjon og vart Noregs fyrste seriemeister i handball. Laget sikra seg 19 av 24 moglege poeng. Året etter forsvarte Fredensborg fyrsteplassen i 1. divisjon på suverent vis, då i ei turnering med 10 lag mot 8 året før. Åtte år seinare, sesongen 1974/75, vart Reinertsen norsk seriemeister for tredje gong. Deretter var han frå 1977 spelande trenar for Kragerø IF fram til 1982. 1982/-83-sesongen spelte han på Fredensborg/Ski att, før han atter tok turen til Kragerø IF. Frå 1985 til -87 var han spelande trenar for andredivisjonslaget Stabæk IF.

Landslagsspel Reinertsen debuterte borte mot Danmark den 7. november 1964, ein kamp som enda med tap 12-14. Under Sommar-OL 1972 var han del av det norske mannskapet som kom på niandeplassen i handballturneringa. Fram til 6. mars 1976 deltok han i 113 landskampar og skåra 250 mål.

Merittar Seriemeister: 1966, 1967 og 1975 med Fredensborg Noregsmeister: 1965, 1966, 1970, 1972 og 1974 med Fredensborg

Kjelder

handball.no Denne artikkelen bygger på «Jon Reinertsen» frå , den 4. mai 2025.

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Folk frå Oslo