Mjøsbåt er ein type robåt som har vore vanleg på Mjøsa det siste hundreåret.

På den største innsjøen i Noreg har bruk av større og mindre båtar hatt stor betydning. Småbåtar vart brukt i samferdsel og til fiske. På enkelte gardar var not og garnfiske viktig. Litt større båtar var kvernbåtar, brukt på Helgøya for å ro kornet til kverna.

Større føringsbåtar vart lenge rodde. Mjøsjakter med segl vart bygde frå kring 1860. Frå jordbruket var det transport, av til dømes poteter til brenneria. Og til utvikling av byane vart det frakta byggematerialar. Mjøsjaktene kunne vere opp mot 20 meter. Dei var klinkbygde, spissgatt og førde gaffelsegl. Kring 1900 var det kring 20 jakter som dreiv frakt på Mjøsa.

Mjøsbåten Det vart bygd mjøsbåtar mange stader kring Mjøsa. Sjølv om det etter kvart utvikla seg fellestrekk, hadde dei ulike eigenskapar og utsjånad. I byane som vaks fram rundt Mjøsa kom det til arbeidarar som fekk fritid dei kunne bruke på vatnet, både til dreggfiske og rekreasjon. Det vart behov for høvelege båtar.

Båtbyggjarar som fekk mykje å sei for utvikling til ein meir eins båttype, var mellom andre Karl Antonsen på Gjøvik , og Karl Holland på Hamar. Tidleg på 1900-talet vart det halde rotevlingar på Mjøsa. Og desse to, Antonsen og Holland, rodde sine eigne båtar og tevla hardt mot kvarandre. Dette stimulerte utviklinga av båttypen.

Slik ein no kjenner mjøsbåten er det ein spissbåt med kjøl. Han er heller smal. Høvet mellom breidd og lengd er ofte kring 1 : 4, om lag det same som på vestnorske tradisjonsbåtar. Lengda er stort sett mellom 5 og 6 meter. Framstamnen er heller rett. Han vert beskriven som ein forlenga kvartsirkel.

Mjøsbåtar har hovudsakleg vorte bygde i gran. Til liks med det som har vore vanleg i austlege delar av Innlandet, har det vorte brukt bord i full lengde. Borda er breiare enn på fløytarbåtane i Trysilelva og i Glomma. Første botnbordet vert festa til kjølen med spikar i eit utfresa spor. Borda vert felte inn i stamnen. Tidlegare vart bordgangane samanføya med nyking. Dette var billegare enn bruk av båtsaum, noko som seinare har vorte vanleg. Mjøsbåtar har vorte bygde på malar, som vert festa til kjølen når bygginga startar. Det er avgjerande på eigenskapane til båten kvar desse malane er plassert. Sidan gran ikkje trekkjer til seg tjøre så godt, vert mjøsbåtane gjerne måla, helst med linoljemåling, både utvendig og innvendig,

Når mjøsbåtar ikkje er i bruk, vert dei dregne på land. Granmateriala gjer dei heller lette. Mange lagar enkle tak av treflakar for å verne mot veret.

Det har vorte vanleg med utriggarar til åregaflane på utsida av ripa, noko ein ikkje finn på andre robåtar i Noreg. Galleri

Kjelder

Kategori:Norske innlandsbåtar