mini|Induksjonssløyfe i eit parkeringshus. Ei induktiv trafikksløyfe består av ein elektrisk leiar i form av ei sløyfe for å detekterer køyretøy som passerer ho. Induktive sløyfer brukast til trafikkregistrering, som t.d. måling av farten til køyretøy og antal passeringar. Denne informasjonen kan nyttar som å styra trafikkljos, overvaka trafikken, etc.
Funksjon mini|Parallell LC svingekrets. Induktiv sløyfer fungerer ved at ein induktiv-kapasitiv svingekrins (LC-krins) er avstemt til ein resonansfrekvens
der er kapasitansen til ein kondensator og er induktansen til sløyfa. Resonansfrekvensen er avstemt slik at han ligg i området 10 kHz til 200 kHz .
Når eit køyretøy passerer sløyfa vil dei ferromagnetiske materiala i køyretøyet føra til ein auke i induktansen, på same vis som ein ferromagnetisk kjerne i ein spole aukar induktansen. Men samstundes vil magnetfeltet til sløyfa indusera virvelstraumar i metallflatene i køyretøyet. Metallet treng ikkje vera ferromagnetisk for at det skal verta indusert virvelstraumar. Virvelstraumane absorberer energi frå magnetfeltet, noko som fører til ein reduksjon i induktansen. Reduksjonen av induktansen på grunn av virvelstraumar er kraftigare enn auken på grunn av det ferromagnetiske materialet, så resultatet er at induktansen vert redusert. Ein reduksjon med fører til at resonansfrekvensen aukar til
Induktansen til sløyfa er nokre hundre H, og forandringa i induktiviteten er typisk rundt 6 % for peronbilar, for lastebilar rundt 1 - 2 % og for motorsyklar rundt 0,1 %. Grunnen til at ein personbil fører til ei større endring av induktansen enn ein lastebil er at metallplatene i ein personbil har mindre avstand frå sløyfa enn metallet i ein lastebil. Ein motorsykkel har sært lite metall, så endringa i induktans er òg lita. Det er arealet og avstanden til metallet over sløyfa, ikkje massen, som er viktig. Ved å måla endringa i resonsnsfrekvens kan ein detektera kva slags køyretøy det er.
Referansar Veileder i trafikkdata, Håndbok 714, Vegdirektoratet, juni 2014. Induktionsschleifen im Straßenverkehr, LEIFIphysik. (henta 1. juni 2025) Traffic Detector Handbook, 2. utg. vol. I, Publ.nr FHWA-HRT-06-108, oktober 2006.
Kategori:Sensorar Kategori:Veginfrastruktur