mini|portrett|Gravurne frå mayasivilisasjonen. Urne (frå latin urna) er ein vase, vanlegvis dekt og utan handtak, og med ein smal nakke over ein sokkel i botnen.

I oldtida og antikken var ei urne ein stor dekorert behaldar av tre, metall, keramikk og liknande.

venstre|mini|Columbarium mini|Marmorurne frå Pergamon. Dette er ei av to store urner i det som i dag er Hagia Sofia i Istanbul. Dei er daterte til hellenistisk tid. Urne er også ein eigen vase som ein oppbevarer oska til ein avdød i etter kremasjon. Dette er nytta i mange sivilisasjonar verda over.

Lekythos var ein eigen type urne nytta i Hellas i antikken for å innehalda olje som ein del av gravritualet. I tyske Bayern var det tradisjon for at hjartet til kongen blei plassert i ei urne når denne døydde, noko som skjedde med kong Otto I av Bayern. Kremasjonsurner var også vanlege i angelsaksiske England.Sjå t.d. urner frå Wold Newton i Lincolnshire

Romarane plasserte urnene i ein eigen nisje i ei fellesgrav kalla columbarium (den latinske nemninga betyr bokstaveleg «dueslag»). Interiøret av desse hadde vanlegvis nisjar for husduer.

Ved val er ei urne, ei valurne eller stemmeurne, ein behaldar ein legg stemmesetlar i.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Urne» frå , den 28. juni 2025.

Kategori:Ilåt Kategori:Ord av latinsk opphav