Kay Kirsten Evert Smits () er ein nederlandsk handballspelar som sidan 2025 spelar for tyske Gummersbach. I 2023 var han med å vinne EHF-meisterligaen for SC Magdeburg. Han er ein kjapp og fintesterk midtre rykkromspelar (playmaker).

Karriere Klubbspel Etter å ha spelt to år for Limburg Lions, flytta Smits i 2016 til den tyske andredivisjonsklubben Wilhelmshaven. I 2018 skreiv han kontrakt med danske Tvis Holstebro, der han vart verande i tre sesongar. Deretter gjorde han 2021-23 teneste hos det tyske topplaget SC Magdeburg. 2021/22-sesongen bidrog Smits til at Magdeburg steig til topps i bundesligaen. Eitt år seinare vart han toppskårar med 8 fulltreffarar då Magdeburg sigra over KS Kielce i finalen i EHF-meisterligaen 2023. Perioden 2023-25 var han aktiv i Flensburg-Handewitt. Våren 2024 tok han del då det tyske mannskapet triumferte i EHF-europaligaen. Også våren 2025 vann Flensburg-Handewitt den same turneringa, utan Smits kom på bana i finalespelet. Frå hausten 2025 spelar for han for tyske Gummersbach.

Landslagsspel Smits fekk sin landslagsdebut 11. juni 2016 og har pr juni 2025 delteke i 88 landskampar og skåra 406 mål.

Merittar Vinnar av EHF-meisterligaen: 2023 for SC Magdeburg Vinnar av EHF-europaligaen: 2024, 2025 for Flensburg-Handewitt Tysk bundesligameister: 2022 for SC Magdeburg Vinnar av DHB-pokalen: 2022 og 2023 for SC Magdeburg Finalist i EHF-europaligaen: 2022 for SC Magdeburg Belgisk-nederlandsk seriemeister: 2015 og 2016 for Limburg Lions Belgisk-nederlandsk cupmeister: 2015 og 2016 for Limburg Lions

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kay Smits» frå , den 30. juni 2025.

Kategori:Nederlandske handballspelarar