Mathilde Hauge Harviken () er ein norsk fotballspelar frå Elverum som mellom anna har spela for den italienske klubben Juventus, britiske Aston Villa og det norske landslaget.
Klubbkarriere Harviken debuterte i Toppserien for Fart i mars 2019, ein sesong som enda med nedrykk for Fart.
I juni 2020 signerte Harviken for Røa, og fortsette dimed i Toppserien. Men 2020-sesongen enda med Harviken sitt andre nedrykk på rad. I 2021 vart ho tatt ut på årets lag i 1. divisjon av Sportskollektivet.
I desember 2021 vart det kjent at Harviken melde overgang til Rosenborg. Ho fekk prisen for årets gjennombrot i Toppserien i 2022.
I januar 2025 signerte Harviken for den italienske klubben Juventus.
Landslagskarriere Harviken har landskampar i aldersbestemte klassar for J15, J16, J17, J19, U23 og det norske A-landslaget.
Harviken vart tatt ut på det norske A-landslaget for fyrste gang i august 2022 og debuterte i VM-kvalifiseringskampen heime mot 6. september 2022.
Som 20-åring vart Harviken tatt ut til sin fyrste seniormeisterskap til VM i Australia og New Zealand i 2023.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mathilde Harviken» frå , den 1. juli 2025.
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Fart-spelarar Kategori:Juventus-spelarar Kategori:Rosenborg-spelarar Kategori:Røa-spelarar Kategori:Norske kvinnelandslagsspelarar i fotball Kategori:Folk frå Elverum