mini|Sankt Olavskjelda på Austreim, Høyanger. Ein ser steinar i botnen av gryta og banda i gneissen, bergarten som jettegryta er i. Sankt Olavskjelda på Austreim ligg nær Vårstølen over Austreim i Høyanger kommune. Det er ei rund jettegryte om lag 65 cm i tverrmål og om lag 65 cm djup. Det ligg fleire runde steinar i botnen. Jettegryta ligg i eit bekkeløp og får jamleg tilførsel av vatn frå bekken.
Det er ikkje historiske haldepunkter for at Heilag Olav har vore på Austreim. Sankt Olavskjelda er truleg ein gamal kultstad som har blitt inntatt i kristentrua. Kyrkja låg før reformasjonen på Austreim, men blei flytta til Kyrkjebø truleg på 1500 talet. Ifølge Knut Rage Tysnes er det vanleg å assosiere jettegryter med Sankt Olav. «Jette» kjem av «troll», og det er mange historier om Sankt Olav i kamp med troll, også frå Kyrkjebø.
Sankt Olavskjelda er omtalt i to kjelder, som følgjer under. Plassering under Reiarhaugane er og gitt i stadnamnatlaset til Vestland fylke.
Kjell Bondevik (1937, side 142)Kjell Bondevik, i, H. Aall, A.W. Brøgger, K. Liestøl, G. Midttun, og S. Steen, 1937, Norske bygder, Bind IV Sogn, J. Grieg, tilgjengeleg hos nb.no skriv:
På Austreim i Kyrkjebø er ei Heilag Olavs-kjelda, eit stykke uppe i lidi. «Ho er forma som ein stor øykjehov. Det ser ut som om hesten skulde ha kome yver fjellet med stemneleid ned mot fjorden. Det er ei vanleg jettegryta um lag 1 m. djup og ½ m i tverrmål». Truleg er det denne kjelda fylgjande uppteikning gjeld: «St. Olaf red engang omkring i Sogn. Da han kom til Kirkebø, blev Hesten hans tørst, og da det ikke var Vand at finde nogensteds, bød han Hesten at stampe i Fjeldet. Der blev da store runde Huller i Fjeldet, og disse blev straks fulde af det klareste Vand, saa Hesten kunde drikke saa meget den vilde. Hullerne – Jættegryter – er at se den Dag idag, og de er endda fulde af Vand til sine Tider. med referanse til Kristian BuggeKristian Bugge: Folkeminneoptegnelser, s. 22. Sjå Urda I, s. 75, Budstikken 1824, s.504, Sande: Segne. Fraa Sogn II (Bergen 1892) s.193ff.
Referansen til Kjell Bondevik (1937) til Kristian Bugge viser bakover til enda eldre kjelder som ikkje er tilgjengelege.
Leirnes et al (1973) skriv i Bygdeboka bind 3:Leif Leirnes, Gudleik Førde, Aslak Haaland, Olai Hjetland, Lars Løbø og Hans Førsund Osland, Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik, band III Bygdesoge, 1973. Side 469.
Gamle folk fortel segna slik: Sankt Olav kom ridande over fjellet og skulde ned til Austreim. Då han kom ned med Reiarhaugane, var hesten hans svært tyrst, men vatn fanst der ikkje. Olav let då hesten trampa i fjellet, og der vart ein djup gryta som snart var full av godt vatn. Denne kjelda er knapt ein meter djup og 1/2 meter i tverrmål, og ho liknar noko på ein hestehov.
Galleri
Kjelder
Kategori:Høyanger kommune