Saamund Olsen Bergland () var ein norsk arbeidar, politikar og embetsmann frå Fyresdal. I perioden mellom 1931 og 1933 representerte han valkrinsen kjøpstadene i Telemark og Aust-Agder på Stortinget, vald for Arbeidarpartiet.

Bergland var son til ein jordbruksarbeidar og murar. Sjølv gjekk han i teneste på gardar i heimbygda frå han var 15 til 26 år gammal. Frå denne tida skriv forfattaren Kjartan Fløgstad i boka Brennbart om ein episode då Bergland i 1904 tente på prestegarden i Fyresdal. I eit anfall av raseri gjekk Vidkun Quisling, son til soknepresten, fysisk laus på den spede drengen og slo han ned. I 1907 fekk Bergland arbeid på Norsk Hydro i Notodden og busette seg der. Han var tilsett i Norsk Hydro til 1946.

Frå 1914 hadde Bergland ei rekke leiande tillitsverv i fagrørsla og Arbeidarpartiet i Notodden og i Telemark. Mellom anna var han i fire periodar medlem i Notodden bystyre, også formann i kommunalt styre og stell. Åra 1931-33 møtte han i Stortinget som representant for Arbeidarpartiet. I 1936 fekk han arbeid som statsrevisor, siste året 1949-50 var han formann i Riksrevisjonen.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Folk frå Fyresdal Kategori:Folk frå Notodden