Frøya Skjold Sjursæther () er ein norsk politikar for MDG. Ho blei ved vald til tidenes yngste stortingsrepresentant, som MDG sin fyrstekandidat i Hordaland.

Parti Sjursæther var fylkesleiar i Grøn Ungdom Vestland i perioden 2021–2023. Sjursæther er politisk nestleiar i Grøn Ungdom.

Politiske saker Sjursæther har skrive kronikkar og uttalt seg i media om blant anna klimaspørsmål, røysterett for sekstenåringar, netthets, , rettar for transpersonar og ein meir human rus- og asylpolitikk. Sjursæther står for eit tydeleg inkluderande feministisk perspektiv og har teke til orde for at kvinnerørsla må ta eit oppgjer med transfobi. Ho skreiv på kvinnedagen i 2025 at medan Trump har gått til «målrettet [...] krig mot transpersoner», har også kvinnerørsla i Noreg «åpenbart et transfobiproblem». MDG har interseksjonell feminisme som del av si plattform og Grøn Ungdom har vore med å arrangere i samarbeid med .

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Frøya Sjursæther» frå , den 15. november 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå MDG Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Folk frå Bergen