Chroicocephalus er ei biologisk slekt av middels store til relativt små måsar som tidlegare vart rekna til slekta Larus, inntil genetiske studiar publiserte i 2005 viste at Larus slik ho då var definert, var parafyletisk. Ti artar er i dag rekna til slekta. Namnet Chroicocephalus kjem frå gresk khroizo «fargelegge» og kephalē «hovud».
Systematikk
Slekta Chroicocephalus vart først innført i 1836 av den engelske naturforskaren Thomas Campbell Eyton. Han lista to artar i den nye slekta, men spesifiserte ikkje ein typeart.
Artane som no er plasserte i denne slekta, var tidlegare ein del av Larus. Ei molekylærfylogenetisk undersøking publisert i 2005 viste at Larus slik ho då var avgrensa, var parafyletisk. I den påfølgjande omorganiseringa for å skapa monofyletiske slekter, vart slekta Chroicocephalus teken opp att for å romme ein klade av artar, alle med svarte hovud.
Gulehavsmåse vart tidlegare inkludert i denne slekta, men ein studie frå 2022 viste at sjølv om arten stod basalt i slekta, var han ikkje nært i slekt med dei andre artane. Han er no plassert i si eiga slekt, Saundersilarus.
Skildring Artane i slekta varierer i storleik frå 28 cm til 48 cm. Kanadahettemåse er den minste, 28–30 cm, medan asiahettemåse er den største, opptil 45 cm i kroppslengd og med vekt på 700 gram. Alle artane har kvit kropp og stjert, og lysegrå overside på vengene. Vengespissane har tydelege mønster i grått, kvitt og svart, som er viktige for artsidentifisering. Fleire artar har særprega brunt, lysgrått eller svartgrått hovud i hekkedrakta, medan nokre har heilt kvitt hovud som resten av kroppen. Auga er mørke hjå nokre artar, medan andre har ein tydeleg kvit iris. Nebb og bein er frå lyseraude til mørkeraude.
Representantar for slekta finst i regionar over heile verda, med unntak av Antarktis. Artane er ofte parapatrisk fordelte, men to artar kan leve saman i New Zealand, i Middelhavet, i delar av Sør-Afrika og i delar av Sør-Amerika. Unntaksvis kan dei tre artane hettemåse, asiahettemåse og smalnebbmåse opptre saman i delar av Sørvest-Asia.
Artsoversyn Medlemmer av Chroicocephalus i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V15.1, 2025, med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler. Bilete Norsk namn Vitskapleg namn Utbreiing Utbreiingskart120pxSmalnebbmåseChroicocephalus geneiSørlege Iberia, Sør-Europa, Svartehavet og Kaspihavet, Tyrkia til Sentral-Asia, Pakistan og kysten av nordvestlege India; Mauritania, Senegal og Gambia80px120pxKanadahettemåseChroicocephalus philadelphiaBoreal barskogssone frå sørvestlege Alaska og nordvestlege, sørvestlege Canada til austlege Québec80px120pxAustralmåseChroicocephalus novaehollandiaeInnlandet i Sør-Australia og kystane kring heile Australia; kystane av New Zealand, nærliggande øyar og Ny-Caledonia 120pxMaorimåseChroicocephalus bulleriFleire stader på elvesletter på Nordøya og Sørøya av New Zealand80px120pxAndesmåseChroicocephalus serranusAndesfjella frå sørvestlege Colombia til sentrale Chile og sørvestlege Argentina80px120pxSørhettemåseChroicocephalus maculipennisInnlandet og kysten av søraustlege Brasil, sentrale Chile, nordlege Argentina og Falklandsøyane80px120pxHettemåseChroicocephalus ridibundusKystane lengst sør på Grønland, innlandet på Island, tempererte og subarktiske område i Vest-Europa austover gjennom Russland til Jakutsk, Kamtsjatkahalvøya og Sakhalin; i sør til Kaspihavet, Nord-Sentral-Asia, Nord- og Sentral-Mongolia og Nordaust-Kina; òg vestlege Newfoundland80px120pxAsiahettemåseChroicocephalus brunnicephalusInnlandet på Tibetplatået: Tadsjikistan, Xinjiang (vest-Kina), Ladakh (nordvestlege India) og Tibet 120pxGråhovudmåseChroicocephalus cirrocephalusKyst- og innlandsområde i Afrika sør for Sahara og på Madagaskar; kystane av Ecuador og Peru; søraustlege Uruguay og nordaustlege Argentina til Santa Fe-provinsen80px120pxNamibmåseChroicocephalus hartlaubiiKysten frå sentrale Namibia til Western Cape i Sør-Afrika
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Chroicocephalus» frå , den 14. september 2025
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Måsefamilien Kategori:Fugleslekter