«Róa» (norsk omsetjing ‘Ro’) er ein song av den islandske elektronikaduoen Væb. Songen vart gjeven ut 17. januar 2025 gjennom Alda Music og er skriven av Gunnar Björn Gunnarsson, Hálfdán Helgi Matthíasson, Ingi Þór Garðarsson og Matthías Davíð Matthíasson. Songen var det islandske bidraget i Eurovision Song Contest 2025, der han enda på 25. plass i finalen med 33 poeng.

Songen skildrar ei forteljing om froskar som klatrar opp eit fjell, med ein oppmuntrande bodskap om å halda ut gjennom vanskelege tider. Både songen og Eurovision-framføringa fekk blanda mottaking frå internasjonale medium og medium knytte til Eurovision. Den energiske musikalske komposisjonen vart både rost og kritisert i ulike meldingar; i tillegg meinte nokre internasjonale medium at teksten mangla meiningsdjupn. «Róa» fekk kommersiell suksess på heimemarknaden på Island, der han nådde førsteplassen. Songen nådde òg topp ti i Sverige.

Bakgrunn og komposisjon

«Róa» vart skriven av medlemmene i duoen Væb (Hálfdán Helgi Matthíasson og Matthías Davíð Matthíasson) saman med Ingi Þór Garðarsson og Gunnar Björn Gunnarsson, medan produksjonen vart handtert av Matthías og Ingi Bauer. I eit intervju med Morgunblaðið samanlikna duoen, som reknar seg som kristne, forteljinga i songen med historia om Jesus som stillar stormen – mirakelet der Jesus roar eit stormfullt hav medan han er i ein båt på Genesaretsjøen saman med disiplane sine..

Det første utkastet til songen vart skrive av Gunnarsson og Garðarsson, som samarbeidde om å skapa hovudmelodien. Ifølgje Gunnarsson handla hans versjon av songen om ei reise med to piratar; songen vart etter kvart lagd til side, heilt til medlemmene i Væb fann han og bad om endringar for å gjera han til eit bidrag til Söngvakeppnin 2025, den islandske nasjonale konkurransen for å velja bidrag til Eurovision Song Contest 2025. Songen vart gjeven ut 17. januar 2025 gjennom Alda Music, saman med alle dei andre songane som deltok i Söngvakeppnin 2025. Omslagskunsten til «Róa» vart utforma av Arnfinnur Sigmundsson.

Bandet skildrar «Róa» som ei forteljing som oppmodar til å halda fram gjennom vanskelege tider. I eit intervju med RÚV fortalde duoen at teksten handlar om ei gruppe froskar som klatrar opp eit fjell. Alle utanom éin frosk gav opp etter at ei folkemengd sa til dei at dei ikkje ville klara å nå toppen. Den eine som heldt fram, kom heilt til topps. Då han vart spurd kvifor han ikkje gav opp, svara han ikkje – fordi han var døv. Duoen sa seinare i eit intervju med Iceland Review at forteljinga i songen var inspirert av ei historie dei hadde høyrt i kyrkja. Songen inneheld òg referansar til dei danske områda Grønland og Færøyane, og til den islandske TV-leiaren Gísli Marteinn Baldursson. Dette tolka Wiwibloggs-journalisten Ruxandra Tudor som eit ønskje frå duoen om å «metaforisk representera det å ro mot suksess i musikkbransjen». Ein analyse i Heimildin av Jón Trausti Reynisson meinte at songen representerte «ånda av innovasjon, sjølvtillit og ustoppeleg drivkraft» hjå generasjon Z.

Musikkvideo og promotering mini|Væb under framføring på Pre-Party ES 2025. Duoen la ut på ein promoteringsturné før konkurransen, der dei opptredde på ulike Eurovision-festar og andre konsertar på Island. Ein musikkvideo regissert av Óli Gunnar Gunnarsson vart gjeven ut 6. februar 2025. Ifølgje Vísir.is vart videoen produsert i løpet av to dagar, og handlinga skildrar reisa til Væb gjennom Atlanterhavet, Færøyane og Grønland, der duoen mellom anna stoppar på ein bar for å fortelja historia si til ein bartender.

For å marknadsføra songen framførte Væb han ved fleire høve før Eurovision. Den 5. mars 2025 deltok duoen i feiringa av islandsk oskeonsdag (Öskudagur) med ein barnekonsert ved hovudkontoret til Nói Síríus, eit islandsk sjokoladefirma. Den 25. april opptredde dei i eit program av Vikan með Gísla Marteini, eit islandsk talkshow.

Duoen opptredde òg på fleire Eurovision-førfestar i mars og april 2025, mellom anna Nordic Eurovision Party 22. mars, Eurovision in Concert 5. april, London Eurovision Party 13. april, og Pre-Party ES 19. april. I tillegg gav duoen ut ei live jazz-utgåve av songen på YouTube-kanalen til Eurovision Song Contest 31. mars.

Væb selde dessutan kopiar av antrekka sine etter sigeren i Söngvakeppnin 2025, noko som ifølgje Vísir.is vart eit populært öskudagur-kostyme blant barn på Island. Ei veke før konkurransen opna duoen ein mellombels butikk på kjøpesenteret Kringlan, der dei selde merchandise med Væb-merke.

Kritisk mottaking «Róa» fekk jamt over blanda meldingar frå kritikarar. I ei melding hjå Wiwibloggs, som samla vurderingar frå fleire kritikarar, fekk songen 5,50 av 10 poeng, noko som gav han ein 27. plass av dei 37 songane som deltok i Eurovision det året i nettstaden si årlege rangering. Doron Lahav frå ESC Beat rangerte songen som nummer 32 totalt og skreiv at songen var «for samanblanda», samstundes som han kritiserte vokaleigenskapane til duoen og versa i songen.

Jon O’Brien, skribent for Vulture, plasserte songen på 24. plass totalt og skildra duoen som «bleikblonde, spinkle sysken som tilsynelatande har konsumert si eiga kroppsvekt i E-stoff», men vedgjekk samstundes at den «reine energikrafta deira utan tvil vil senda den like hyperaktive, feletunge technomusikken vidare til finalen». O’Brien la likevel til at songen «kan få problem i møte med låtar som er langt mindre tilbøyelege til å framkalla migrene».

Rob Picheta, skribent for den amerikanske kanalen CNN, rangerte songen som nummer 18 av dei 26 finalistane i Eurovision 2025 og meinte at songen potensielt kunne «tilføra litt for mykje energi» til Eurovision for å «rista TV-sjåarane ut av ein balladeframkalla døs». Ed Potton i The Times rangerte songen som nummer 12 av 26 finalistaar, gav han tre av fem stjerner og skreiv at «blandinga av dancepop, rap og fele er … temmeleg oppløftande».

Eva Frantz i Yle gav songen 7 av 10 poeng og skreiv at den muntre elektrofollåten «passar perfekt som opningssong i årets Eurovision». Robert Hoftun Gjestad i Aftenposten gav songen 1 av 6 poeng og kritiserte livevokalen til duoen og feleelementa, og skildra songen som «ein songkatastrofe».

Glen Weldon i NPR rangerte songen som nummer ti på lista si over dei beste songane i Eurovision 2025 og kalla han ein «særleg glupsk øyrehengar» og ein «drivande, høgenergisk og uunngåeleg dansbar sjømannsballade». Mark Savage frå BBC kritiserte teksten for manglande djupn og spådde at songen ikkje kom til å gjera det særleg godt i konkurransen.

Neil McCormick i The Daily Telegraph skildra songen som ei «sjarmerande klisjéfylt framføring av heilt ordinær eurotechnopop» og samanlikna duoen som den islandske utgåva av den irske musikkduoen Jedward. Martin Belam i The Guardian samanlikna den «elektriske sjømannsballaden» med ein song som «kunne ha vorte ein enorm novelty-hit på slutten av 1990-talet». Harmen van Dijk, Peter van der Lint og Nienke Schipper frå den nederlandske avisa Trouw peikte på irskinspirerte musikalske element i «Róa» og meinte at songen var «ein fengjande melodi som godt kan overraska på Eurovision-scena».

Eurovision Song Contest Söngvakeppnin 2025 Den islandske ålmennkringkastaren Ríkisútvarpið (RÚV) arrangerte Söngvakeppnin 2025, den nasjonale finalen for å velja det islandske bidraget til Eurovision Song Contest 2025. Konkurransen hadde ti songar fordelte på to semifinalar med fem songar i kvar, haldne 8. og 15. februar. Dei tre beste songane i kvar semifinale gjekk vidare til finalen gjennom rein folkestemming. I finalen vart vinnaren avgjord gjennom ei 50/50-fordeling mellom internasjonale juryar og telefonstemming.

Væb vart offisielt kunngjorde som deltakarar 17. januar 2025, og vart trekte til å opptre som nummer fem i den første semifinalen. Duoen kvalifiserte seg ved å vinna semifinalen med totalt 12 649 røyster. I finalen vart dei trekte til å opptre som nummer fire.

Duoen vann både jury- og sjåaravrøystinga i finalen og fekk totalt 167 poeng, fordelte på 74 jurypoeng og 93 sjåarpoeng, 25 poeng meir enn nummer to, «Set Me Free» av Stebbi Jak. Med sigeren fekk duoen retten til å representera Island i Eurovision Song Contest 2025.

Plagiatskuldingar Før Söngvakeppnin 2025 vart Væb skulda for å ha plagiert songen «HaTunat HaShana» av dei israelske songarane Itay Levi og Eyal Golan i slutten av januar 2025. Kort tid etter avviste duoen skuldingane. Etter sigeren i Söngvakeppnin 2025 sende Offir Cohen, komponisten av «HaTunat HaShana», ei klage til Den europeiske kringkastingsunionen (EBU), arrangøren av Eurovision Song Contest, med krav om diskvalifisering av songen.

Månaden etter sa Cohen til den israelske avisa Haaretz at han ikkje lenger ønskte å krevja diskvalifisering. Han uttala: «Feil skjer. Om eg i morgon tilfeldigvis tek ein melodi frå nokon og innser at eg har gjort ein feil, vil eg ikkje kjempa imot det. Eg vil be om orsaking, gje kreditering og koma fram til ei forståing … noko islendingane gjer nett no.»

I Eurovision Song Contest Eurovision Song Contest 2025 fann stad i St. Jakobshalle i Basel i Sveits, og bestod av to semifinalar 13. og 15. mai og finalen 17. mai 2025. Under semifinaletrekkinga 28. januar 2025 vart Island trekt til å delta i den første semifinalen, i den første halvdelen av programmet. Seinare vart Væb trekt til å opna semifinalen som første bidrag, før frå Polen.

Til Eurovision-framføringa vart utnemnd som sceneregissør. Songen vart framført på islandsk; ifølgje gruppa ønskte dei å følgja statistikken som synte at alle islandske bidrag etter 2000 som vart framførte på islandsk, hadde kvalifisert seg til finalen. Framføringa viste Væb saman med tre dansarar: Ola Getka, Baldvin Alan Thorarensen og Úlfhildur Tómasdóttir. Arna Rún Ómarsdóttir deltok òg som korist.

Framføringa vart skildra som ei oppgradert utgåve av framsyninga frå Söngvakeppnin 2025, med oppdaterte grafiske element. Alle dei fem utøvarane bar sølvfarga kostyme designa av Sylvía Lovetank. Bakgrunnsgrafikken likna «geometriske landskap» og vart samanlikna med grafikk frå dataspelet Minecraft og filmen Pixels frå 2015. Midt i framføringa vart ein båt sett saman på scena, der dansarane framførte ein koreografert dans. På slutten avslutta duoen med eit mikrofon-slepp. «Róa» kvalifiserte seg til finalen ved å bli nummer seks i semifinalen med 97 poeng. Dette var fyrste gongen Island kvalifiserte seg til finalen sidan 2022.

Reaksjonane på framføringa var delte. Alexandra Koster i SBS rosa innslaget for «eit snev av K-pop og litt irsk dans» og sa: «Om eg hadde hatt tilgang til ei tidsmaskin, ville eg reist sju minutt tilbake for å sjå Islands framføring ein gong til.» Carlos Marcos i El País skildra songen som ein «hovudverk» i ein direktesendt blogg og kritiserte dei sølvfarga draktene. Neil McCormick i The Daily Telegraph kalla framføringa «sjarmerande klisjéfylt» og meinte kostyma såg ut som «Bill og Ben the Flowerpot Men kledde for ein dag på sjøen». Will Hodgkinson i The Times meinte songen var «ein forferdeleg start» på den første semifinalen og skildra han som «eit smertefullt stykke dancepop». Benjamin Jackson i Edinburgh Evening News skreiv at framføringa «verka å mangla gnisten mange hadde håpa på» og kalla resultatet «skuffande for eit lovande talent og ein song med potensial».

Væb framførte songen på nytt i finalen 17. mai. Songen vart framført som nummer ti, etter Austerrike sitt bidrag og før Latvia sitt. Etter at resultata vart kunngjorde, enda duoen på 25. plass med 33 poeng, fordelte på 0 jurypoeng og 33 sjåarpoeng. Når det gjeld juryane, var den høgaste plasseringa songen fekk ein 13. plass, tre plassar unna poeng. I sjåaravrøystinga fekk songen ingen tolvarar; det høgaste talet poeng frå eitt land var 10 poeng frå Danmark.