Røros fjellkyrkje er eit sportskapell i Røros kommune i Trøndelag. Det ligg på Enarvola, om lag 5,5 km frå Røros sentrum.
Det dreier seg om eit tidlegare militært bygg som kyrkjelyden tok over i 2004. Bygget vart innvigd som sportskapell 24. august 2005. Sjølve kyrkjesalen har 30 sitjeplassar.
Det er ikkje kyrkjegard på staden.
Kjelder
Røros kyrkjelege fellesråd om fjellkyrkja
Kategori:Kyrkjer i Røros Kategori:Norske kyrkjer frå 2005