Lucio Corsi () er ein italiensk singer-songwriter. Han er fødd og oppvaksen i Maremma-regionen i Toscana, og er kjend for sin blanding av glamrock, surrealistiske tekster og eventyrtema.

Corsi byrja å komponere musikk i ung alder og flytta til Milano etter vidaregåande skule for å satse på musikkarrieren. Der gav han ut dei første EP-ane sine, Vetulonia Dakar og Altalena Boy. I 2017 gav Corsi ut Bestiario musicale, eit konseptalbum vigd dyra i heimregionen Maremma, og fekk merksemd ved å vere oppvarmingsartist for fleire kjende italienske artistar. I 2019 signerte han med Sugar Music og gav seinare ut albuma Cosa faremo da grandi? (2020), La gente che sogna (2023) og Volevo essere un duro (2025), som fekk ros frå kritikarane. Corsi deltok i Sanremo-festivalen 2025 med songen «Volevo essere un duro», der han enda på andreplass. Deretter representerte han Italia i Eurovision Song Contest 2025 med same song, og enda på femteplass totalt med 256 poeng.

Ved sidan av musikkarrieren har Corsi medverka i mote­kampanjar for Gucci og deltatt i italienske TV-program som L’assedio og serien Vita da Carlo av Carlo Verdone. Han har vorte tildelt fleire prisar, mellom anna MEI-prisen for beste uavhengige artist og kritikarprisen «Mia Martini».

Bakgrunn Lucio Corsi vart fødd i Grosseto i 1993 og vaks opp på ein gard i Val di Campo, nær Vetulonia. Familien driv ein restaurant i den nærliggande byen Macchiascandona. Mora hans, Nicoletta Rabiti, er målar, medan faren Marco har hatt ulike yrke, mellom anna som RAI-operatør, murar og lærhandverkar.

Corsi byrja å skrive sine første songar i ung alder. Han har fortalt at interessa for musikk vaks fram i barndomen etter at han såg The Blues Brothers på fjernsyn. Sidan 2011 har han opptredd på lokale scener og torg i heimbyen. I starten var han påverka av den eksperimentelle stilen til Genesis under Peter Gabriels tid, og han komponerte instrumentale progrock-stykker før han gjekk over til ein meir tradisjonell visesongarstil inspirert av artistar som og .

I 2012 blei Corsi uteksaminert frå den naturvitskaplege vidaregåande skulen Guglielmo Marconi i Grosseto.

Karriere 2013–2016: Debut og dei første EP-ane Etter fullført vidaregåande flytta Corsi til Milano for å satse på ein musikkarriere. Han budde først langs Naviglio Pavese, deretter i Via Ripamonti og til slutt i bydelen Niguarda.

Den 29. april 2014 gav han ut debut-EP-en Vetulonia Dakar, som inneheldt fem låtar. Den 7. juni framførte han songen «Le api» på MI AMI-festivalen, og den 17. august var han oppvarmingsartist for under avslutningskvelden av Festambiente. I denne perioden møtte han frå bandet , som produserte hans andre EP, Altalena Boy. Han blei også kjend med Matteo Zanobini, en samarbeidspartnar av , som introduserte han for plateselskapet Picicca Dischi.

Debutalbumet til Corsi, Altalena Boy/Vetulonia Dakar, ei samling av dei to tidlegare utgjevne EP-ane, blei gjeven ut 16. januar 2015 av Picicca Dischi og distribuert av Sony Music. Albumet fekk positiv mottaking og blei rosa for sin glamrock-stil og surrealistiske tekster.

2017–2018: Bestiario musicale og gjennombrudd Den 27. januar 2017 gav Corsi ut sitt første studioalbum, Bestiario musicale, på Picicca Dischi. Albumeteit konseptalbum med eventyrpreg, og består av åtte spor, der kvar låt er vigd eit dyr frå heimtraktene hans i Maremma..

Gjennom 2017 var Corsi oppvarmingsartist for og på deira respektive teaterturnear, og utvikla eit venskap med Francesco Bianconi. Samstundes med Bianconi blei han vald ut som modell for Gucci sin Cruise 2018-kampanje, der han gjekk på catwalken ved Palazzo Pitti i Firenze den 29. mai. Om hausten deltok han òg i Roman Rhapsody, eit prosjekt kuratert av den kreative leiaren Alessandro Michele og fotografen Mick Rock. Same året var han ein av dei åtte finalistane i den 28. utgåva av konkurransen Musicultura, der han framførte «Altalena Boy» på Arena Sferisterio i Macerata den 23. juni. Corsi blei også tildelt prisen for «Beste nye artist» under MEI Special Millennials-arrangementet i Roma.

I oktober 2018 deltok Corsi i When Mediterranean Meets the Gulf: Words and Notes, eit musikkarrangement i Abu Dhabi og Kuwait by, saman med Margherita Vicario, Nicolò Carnesi, Dimartino og Fabrizio Cammarata. Arrangementet blei støtta av den italienske ambassaden og Utanriksdepartementet for internasjonalt samarbeid.

2019–2023: Cosa faremo da grandi? og La gente che sogna

I 2019 signerte Corsi med plateselskapet Sugar Music og gav ut sin nye singel «Cosa faremo da grandi?» den 25. oktober. Låten fungerte både som førstesingel og tittelspor på det andre albumet hans. Den andre singelen, «Freccia Bianca», kom ut 9. januar 2020, etterfølgd av albumet Cosa faremo da grandi? den 17. januar. Albumet blei produsert av Francesco Bianconi og Antonio Cupertino.

Seint i 2020 var han fast gjest i TV-programmet L’assedio, leia av Daria Bignardi på kanalen Nove, der han opptredde saman med bandet sitt. I 2021 deltok han i Premio Tenco, og blei ein av dei yngste deltakarane i festivalen si historie.

Den 21. april 2023 gav Corsi ut sitt tredje studioalbum, La gente che sogna, produsert av hans mangeårige venn og landsmann Tommaso Ottomano, som òg har regissert alle musikkvideoane hans. Albumet blei etterfølgt av ein sommarturné. Den 17. juni var han oppvarmingsartist for The Who under Firenze Rocks. Etter suksessen med sommerkonsertane, starta han ein vinterturné i oktober, med opningskonsert i Brescia, der han òg mottok Musica da Bere-prisen under festivalen med same navn. Same månad blei han heidra MEI-prisen for «Årets beste uavhengige artist» under Meeting delle Etichette Indipendenti i Faenza.

2024–nåtid: «Volevo essere un duro», Sanremo og Eurovision

Den 12. november 2024 gav Corsi ut singelen «Tu sei il mattino», som blei brukt i lydsporet til tredje sesong av TV-serien Vita da Carlo, skapt av .n Han hadde òg ei gjesterolle i serien, der han spela seg sjølv.

I februar 2025 deltok Corsi i Sanremo-festivalen 2025 med songen «Volevo essere un duro». På den fjerde kvelden, som var vigd til coverlåtar, framførte han «Nel blu dipinto di blu» av Domenico Modugno i duett med . På finalekvelden enda Corsi på andreplass totalt, men blei tildelt Kritikarprisen. Seinare same månad blei han utpeikt av som den italienske representanten i Eurovision Song Contest 2025 i Basel, Sveits, etter at vinnaren av Sanremo-festivalen takka nei til å delta.

Hans fjerde album, Volevo essere un duro, ble utgitt 21. mars 2025. For albumet og tittelsporet mottok Corsi to Tenco-plakettar.

I mai 2025 deltok Corsi i Eurovision Song Contest, der han var direktekvalifisert til finalen som ein del av «dei fem store». Under framføringane sine, akkompagnert av Ottomano, spela han munnspel live. Dette var første gong sidan 1998 at eit instrument blei spela live i konkurransen utan å bryte reglane, ettersom munnspelet blei spela direkte i mikrofonen. Til slutt enda han på femteplass med 256 poeng.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lucio Corsi» frå , den 21. desember 2025.

Kategori:Italienske musikarar Kategori:Italienske låtskrivarar Kategori:Italienske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Italienske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-låtskrivarar Kategori:Festival della Canzone Italiana di Sanremo-deltakarar