Françoise Madeleine Hardy () var ein fransk songar, gitarist, skodespelar og låtskrivar. Ho debuterte musikalsk tidleg i 1960-åra på Disques Vogue og fekk suksess med songen «Tous les garçons et les filles». Ho blei raskt ein av dei mest populære popartistane i Frankrike og ein frontfigur i den såkalla yé-yé-bølgja som voks fram i Frankrike i 1960-åra. Ho fekk anerkjenning frå musikkritikarar og musikkelskarar for fleire av singlane og albuma sine. Hardy blir rekna som eit fransk popikon og ikon for 1960-talet i heimlandet.

Karriere mini|Hardy i 1992.

Hardy spelte inn plater og songar på fleire språk, og vart beundra av musikarar som Bob Dylan, Miles Davis og Mick Jagger. Med hjelp frå fotografen Jean-Marie Périer byrja Hardy òg som modell og blei eit moteikon. I 1963 representerte ho Monaco i Eurovision Song Contest og blei nummer fem. I 1965 fekk ho to singlar på den britiske hitlista: «Et même» og «All Over the World».

Då yé-yé-tida gjekk mot slutten seint på 1960-talet, endra Hardy stil frå «søt og yndig popjente» til ein meir moden og fasjonabel stil. Ho byrja eit musikalsk samarbeid med låtskrivarar som Patrick Modiano og Serge Gainsbourg. Med sistnemnde fekk ho også ein hit med songen «Comment te dire adieu» i 1968. Ho fekk også mykje anerkjenning og ros for albumet La question i 1971. Hardy var ein anerkjend og populær person innan fransk musikk og kunst, og ho hadde status som fransk popikon."Françoise Hardy", in Unknown legends of rock 'n' roll: psychedelic unknowns, mad geniuses, punk pioneers, lo-fi mavericks & more, Richie Unterberger, Hal Leonard Corporation, 1998, p. 177 ffBelle and Sebastian: Just a Modern Rock Story, Paul Whitelaw, Macmillan, 2005, p. 64 Ho fekk også høg status innan homokulturen, og ved fleire høve uttalte ho at dei «mest inderlege vennane og tilhengjararane» hennar var homofile.

Diskografi

Studioalbum

1962: Tous les garçons et les filles – utgitt i USA i 1965 under tittelen The "Yeh-Yeh" Girl from Paris! 1963: Le premier bonheur du jour 1963: Françoise Hardy canta per voi in italiano 1964: Mon amie la rose 1965: In Deutschland 1965: L'Amitié 1966: Françoise Hardy Sings in English 1966: La maison où j'ai grandi 1967: Ma jeunesse fout le camp... 1968: En anglais 1968: Comment te dire adieu 1969: One-Nine-Seven-Zero 1970: Träume 1970: Soleil 1971: La question 1971: 4th English Album 1972: Et si je m'en vais avant toi 1973: Message personnel 1974: Entr'acte 1977: Star 1978: J'écoute de la musique saoûle 1980: Gin Tonic 1981: À suivre 1982: Quelqu'un qui s'en va 1988: Décalages 1996: Le danger 2000: Clair-obscur 2004: Tant de belles choses 2006: (Parenthèses...) 2010: La pluie sans parapluie 2012: L'Amour fou 2018: Personne d'autre

Samlealbum

1970: Françoise 1970: Françoise in Italian 1977: Double Disque D'Or de Francoise Hardy 2001: Frag' den Abenwind 2013: Midnight Blues: Paris, London, 1968–72

Singlar (utval) ÅrSingelListeplasseringerAUSFRASTO1962«Tous les garçons et les filles»–136«J'suis d'accord»–1–«Le Temps de l'amour»–1–1963«Le Premier Bonheur du jour»––«L'amour s'en va»––1964«Only Friends» («Ton meilleur ami»)––«Mon amie la rose»––«Je n'attends plus personne»––«Et même»–311965«All Over the World» («Dans le monde entier»)–16«L'Amitié»––«Only You Can Do It» («Je veux qu'il revienne»)22–1966«La maison où j'ai grandi» («Il ragazzo della via Gluck»)––1967«Just Call and I'll Be There» («Le Temps des souvenirs»)83–«Des ronds dans l'eau»––«Voilà»––1968«Comment te dire adieu» («It Hurts to Say Goodbye»)––1970«Fleur de lune»––1973«Message personnel»––1978«J'écoute de la musique saoûle»––2000«Puisque vous partez en voyage»––2004«Tant de belles choses»––2016«True Love Ways»––

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Françoise Hardy» frå , den 12. januar 2026.

Kategori:Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Franske songarar