Det tredje slaget ved Panipat stod over fleire dagar frå 14. januar 1761 ved byen Panipat i nordvestlege India. Kongen av Afghanistan, Ahmad Shah Durrani, sigra over marathaene under fyrst Sedasheo Rao Bao, som i lang tid hadde vore omringa på staden. Dei indiske styrkane hadde kring 90 000 mann. Ifølgje historikaren Tryambak Shankar Shejwalkar omkom om lag 100 000 menneske drepne under og etter slaget, inkludert sivile.
Utfallet av slaget førte i første omgang til at marathaene si utviding i India på kostnad av Mogulriket vart stoppa.
Sjå òg Det første slaget ved Panipat Det andre slaget ved Panipat
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Det tredje slaget ved Panipat» frå , den 14. januar 2026.
Kategori:Slag i India Kategori:Konfliktar i 1761