Ryan's Fancy var ei irsk folkemusikkgruppe som var aktiv frå 1971 til 1983. Gruppa bestod av multi-instrumentalistane Denis Ryan, Fergus O'Byrne og Dermot O'Reilly, som alle var irske innvandrarar til Canada.

Historie

1967-1970: Tidlege år Mellom 1967 og 1969 emigrerte O'Byrne, O'Reilly og Ryan frå Irland til Toronto for å leita etter «betre jobbar». Dei hadde ikkje fyrst og fremst tenkt å driva profesjonelt som musikarar i Canada, men dei musikalske evnene og erfaringane deira frå Irland gav dei større høve i det blømande kanadiske folkemusikklivet. Dei spelte fyrst på festar og tilstellingar for å tena ekstra pengar, men blei raskt innlemma i det irske folkemusikklivet i Toronto.

O'Byrne, O'Reilly og Ryan spelte fyrst saman i gruppa Sons of Erin. Dei opphavlege gruppa hadde O'Byrne og O'Reilly som medlemmar i lag med Gary Kavanagh, Mick Crowley, Ben Brooks og bandleiaren Ralph O'Brien. Denne gruppa turnerte fyrst i Newfoundland i 1969, og spelte konserter i St. John's, Gander, Grand Falls og Labrador over ein periode på seks veker. Ryan blei med i bandet etter den fyrste Newfoundland-turnéen.

O'Byrne, O'Reilly og Kavanaugh forlet Sons of Erin og heldt fram med å turnera som O'Reillys Men. Bandet var kortvarig, og O'Reilly flytta snart til Montreal. Etter at O'Reilly slutta, blei Kavanaugh og O'Byrne med Don Sullivan og Vik Heaney om å danne Sullivan's Gypsy. Heaney forlét snart gruppa, medan O'Reilly og Ryan blei med att. Bandet turneerte i Newfoundland igjen, og spelte konsertar på Manhattan i 1970.

1971: Skipinga av Ryan's Fancy Etter at Sullivan's Gypsies blei oppløyst, danna O'Byrne, O'Reilly og Ryan sitt eige band, Ryan's Fancy. Namnet er teke frå ein jig som Ryan komponerte under tida med Sullivan's Gypsies.

Ryan's Fancy spelte sin fyrste konsert på puben Nag's Head i Toronto. Dei neste månadane hadde gruppa konsertar i både Toronto og Halifax. I mars 1971 hadde gruppa sin fyrste tur til Newfoundland, og spelte ein konsert på Hotel Newfoundland.

1972-1983: Flytting til Newfoundland og kritisk suksess Trioen flytta til St. John's på Newfoundland i 1971 for å studera ved Memorial University of Newfoundland. Gruppa vekte merkemd på den lokale musikkscena, og fekk interesse frå Canadian Broadcasting Corporation. Jack Kellum produserte tv-serien Ryan's Fancy om trioen som reiste og spelte langs atlanterhavskysten av Canada. Ein andre serie kalla Tommy Makem and Ryan's Fancy blei òg produsert av CBC på 1970-talet. Seinare blei trekkspelaren James Keane frå Dublin den fjerde medlemmen av gruppa. Kort tid etter at Keane forlet gruppa i 1983 blei Ryan's Fancy seg oppløyst. Keane flytta til New York, der han blei del av tradisjonsmusikklivet.

1983-no: Oppløysing og etterpå Etter oppløysinga av Ryan's Fancy flytta Ryan til Halifax i Nova Scotia, medan O'Byrne and O'Reilly blei verande i St. John's.

O'Byrne vende tilbake til Memorial University i Newfoundland. I 1988 blei han direktør for St. John's Folk Arts Council, og mellom 1990 og 1991 var han leiar for Newfoundland and Labrador Folk Festival.

O'Reilly starta produksjonsselskapet Piperstock Productions i 1993, og produserte 25 album. Han blei verande aktiv i musikklivet etter Ryan's Fancy, og opptredde ofte live med O'Byrne på konsertar i St. John's gjennom åra. Den siste konserten hans fann stad kvelden før han døydde. Han døydde av ein hjerteåtak den 17. februar 2007, 64 år gammal.

I 2004 blei Ryan's Fancy tildelt Dr. Helen Creighton Lifetime Achievement Award av East Coast Music Association.

Medlemmar

Denis Ryan - vokal, fele, tinnfløyte (1971–1983) Fergus O'Byrne - vokal, banjo, concertina, bodhran (1971–1983) Dermot O'Reilly - vokal, gitar, mandolin (1971–1983; died 2007) James Keane - akkordeon (1980–1983)

Diskografi

Ryan's Fancy Sung by Sullivan's Gypsies (1970) Curraghs, Minstrels, Rocks and Whiskey (1971) An Irish Night At The Black Knight Lounge (1971) Dark Island (1971) Looking Back (1972) Newfoundland Drinking Songs (1973) Times To Remember (1973) Ryan's Fancy Live (1975) Brand New Songs (1977) A Time With Ryan's Fancy (1979) Sea People (1980) Dance Around This One (1981) 15 Drink-a-Long Songs (Cassette Reissue of "An Irish Night at the Black Knight Lounge) (1982)) Irish Love Songs (1982) Ryan's Fancy Live (Compact Disc Reissue of "An Irish Night at the Black Knight Lounge" and "15 Drink-a-Long Songs") (1995) Songs From The Shows (2001) What a Time! A Forty Year Celebration (2011)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ryan's Fancy» frå , den 17. januar 2026.

Bakgrunnsstoff

Ryan's Fancy official website Ryan's Fancy: Songs from the Shows James Keane's official website

Kategori:Musikkgrupper oppløyste i 1983 Kategori:Musikkgrupper skipa i 1971 Kategori:Musikkgrupper frå Toronto Kategori:Kanadiske folkemusikkgrupper