Édouard Chatton ()Jean-Jacques Amigo, « Chatton (Édouard, Pierre, Léon) », in Nouveau Dictionnaire de biographies roussillonnaises, vol. 3 Sciences de la Vie et de la Terre, Perpignan, Publications de l'olivier, 2017 () var ein fransk biolog som fyrst skildra skilnaden mellom prokaryotiske og eukaryotiske celletypar.

Chatton var fødd i Romont i Sveits. Han interesserte seg fyrst for ulike patogene protozoar, medlemmar av gruppene Apicomplexa og Trypanosomatida. Seinare utvida han studiane sine til å også ta for seg marine protistar, og bidrog til å skildra dinoflagellatar.Jean-Jacques Amigo, « Chatton (Édouard, Pierre, Léon) », in Nouveau Dictionnaire de biographies roussillonnaises, vol. 3 Sciences de la Vie et de la Terre, Perpignan, Publications de l'olivier, 2017 () Han nytta fyrst termane «eukaryot» og «prokaryote» i ein artikkel frå 1925, men gjorde ikkje noko meir med omgrepet. Roger Stanier og C.B. van Niel tok seinare i bruk denne terminologien, og spreidde klassifikasjonen av cellulære organismar som prokaryotar og eukaryotar i ein artikkel frå 1962.

På Pasteur-instituttet møtte Chatton og blei ein mentor for André Michel Lwoff, ein framtidig nobelprisvinnar i fysiologi eller medisin. Dei to forskarane samarbeidde fram til Chatton døydde i 1947, i Banyuls-sur-Mer i Frankrike. mini|Chromidina chattoni, ein art som er oppkalla etter Édouard Chatton.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Édouard Chatton» frå , den 20. januar 2026.

Kategori:Franske zoologar