Kazoo er eit lite musikkinstrument som skaper lyd ved hjelp av ein vibrerande membran. Instrumentet kan lagast av plast eller metall, medan sjølve membranen er av plast med ei gummipakking. Ein bruker kazooen ved at spelaren nynnar gjennom den største opninga.How to Play Kazoo, Kazoos.com, 2013, vitja 15. februar 2026. Lyden blir danna av vibrasjonane frå stemmebanda, det er difor ikkje mogleg å spela ved å berre blåsa i instrumentet.

Instrumentet stammar truleg opphavleg frå eit afrikansk instrument som heiter mirliton, og som blei nytta i samband med religiøse seremoniar.

Den moderne kazooen blei funnen opp ein gong på 1800-talet i USA, og blei deretter særleg brukt av afroamerikanarar. Instrumentet blir brukt i jugband, skiffle, nokre typar jazz og er eit utbreidd komisk instrument.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kazoo» frå , den 15. februar 2026.

Kategori:Membranfonar