Allison Hazel Brugger () er ein sveitsisk slampoesiutøvar, komikar, kabaretartist og programleiar.
Bakgrunn Allison Hazel Brugger vart fødd 9. desember 1993 i San Diego i California. Faren hennar er den sveitsiske nevropsykologen Peter Brugger, og mora er engelsklærar og opphavleg frå Köln i Tyskland.
Brugger vaks opp i Dielsdorf, nær Zürich, og har to eldre brør. Etter fullført skulegang i Bülach byrja ho å studera filosofi og litteratur ved Universitetet i Zürich, men avslutta studia seinare. Då ho var 17 år gammal, starta ho karrieren sin innan slampoesi i Winterthur, nordaust for Zürich.
Mellom 2014 og 2017 skreiv Brugger ei spalte annakvar veke for den sveitsiske dagsavisa Das Magazin. Frå 2013 til 2014 var ho spaltist for Hochparterre og TagesWoche. I 2015 var ho programleiar for det direktesende talkshowet Hazel Brugger Show and Tell ved Theater am Neumarkt i Zürich, som vart arrangert annankvar månad. Den 9. oktober 2013 deltok ho i det fjerde sveitsiske meisterskapet i poetry slam i Bern. I november 2015 starta ho sitt første kabaretprogram, Hazel Brugger passiert. I februar 2019 drog ho på turné i Tyskland, Austerrike og Sveits med sitt andre soloprogram, Tropical, som hadde premiere på Netflix 2. desember 2020.
Karriere Sidan 2016 har ho vore korrespondent for det tyske politiske satireprogrammet heute-show på ZDF. Den 26. april hadde ho si første gjesteopptreden i eit anna satireprogram på ZDF, Die Anstalt. I 2017 vann ho Salzburger Stier, ein pris for kabaretartistar, og vart den yngste personen nokon gong til å vinna denne prisen.
I 2019 starta Brugger ein YouTube-serie som ho er programleiar for saman med Spitzer, som er medprodusent og forfattar. Programmet heiter Deutschland Was Geht (på norsk ‘Kva skjer, Tyskland?’). I serien utforskar Brugger og Spitzer interessante – og til tider merkelege – stader saman med ulike tyske komikarar. I 2020 fekk programmet nytt namn: Europa Was Geht.
I 2025 var Brugger medprogramleiar for Eurovision Song Contest 2025 i Basel saman med Sandra Studer, medan Michelle Hunziker slutta seg til i finalen. Som ein del av rolla si framførte ho det musikalske nummeret «Made in Switzerland» (saman med Studer og Petra Mede) i den første semifinalen. Nummeret vart seinare gjeve ut som singel.
Privatliv Brugger har budd i Köln sidan 2016.
I oktober 2020 kunngjorde Brugger at ho var gravid. Ho har vore gift med Thomas Spitzer sidan 2020. Dei har to døtrer.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hazel Brugger» frå , den 9. januar 2026.
Kategori:Sveitsiske komikarar Kategori:Sveitsiske programleiarar Kategori:Sveitsiske satirikarar Kategori:Eurovision Song Contest-programleiarar