Emmy Kristine Guttulsrud Kristiansen (), kjend berre som Emmy, er ein norsk songar og låtskrivar. Ho representerte Irland i Eurovision Song Contest 2025 med songen «Laika Party».
Biografi Kristiansen kjem frå bygda Sande i Holmestrand kommune. Som barn song ho i kor. I 2015, då ho var 14 år gammal, deltok ho i ungdomsmusikkprogrammet Melodi Grand Prix Junior med songen «Aiaiaiai». Den eldre broren hennar, Erlend, hadde tidlegare delteke i konkurransen i 2011.
I 2021 deltok Emmy i Melodi Grand Prix, den norske nasjonale finalen for Eurovision Song Contest 2021, med bidraget «Witch Woods». Ho kvalifiserte seg frå den tredje semifinalen til finalen, men gjekk ikkje vidare til gullfinalen i konkurransen.
Emmy var ein del av den norske juryen under Eurovision Song Contest 2023.
Under Melodi Grand Prix 2024 var Kristiansen involvert som låtskrivar på songen «Woman Show» av Mathilde SPZ, Chris Archer og Slam Dunk. I tillegg til arbeidet sitt i Noreg fekk ho òg eit publikum utanfor heimlandet gjennom TikTok-kontoen sin, der ho etter kvart fekk over ein million følgjarar.
I januar 2025 vart Emmy kunngjord som deltakar i Eurosong 2025, den irske nasjonale finalen for Eurovision Song Contest 2025, med songen «Laika Party». Songen var skriven av Emmy i samarbeid med ein irsk og tre norske låtskrivarar. Låten hadde opphavleg vorte sendt inn til Noreg med håp om å delta i Melodi Grand Prix 2025, men vart avvist av den norske kringkastaren NRK. I den nasjonale finalen vart vinnaren kåra gjennom ein kombinasjon av folkestemming, ei nasjonal jury og ei internasjonal jury. Emmy fekk høgast poengsum frå den nasjonale juryen og folkestemminga, og nest høgast poengsum frå den internasjonale juryen, noko som gav ho retten til å representere Irland. Irland vart trekt til å konkurrere i den andre semifinalen 15. mai, der ho opptredde i den fyrste halvdelen av programmet. «Laika Party» klarte ikkje å kvalifisere seg til finalen.
Emmy var òg involvert som låtskrivar på Citi Zēni-songen «Ramtai», som enda på tredjeplass i Supernova 2025, den latviske nasjonale finalen for Eurovision.
I januar 2026 deltok Emmy i MGP-cupen om ein plass i finalen i Melodi Grand Prix 2026, med låten «Sykt fin», men rauk ut i første duell.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Emmy (Norwegian singer)» frå , den 9. januar 2026.
Kategori:Norske songarar Kategori:Norske låtskrivarar Kategori:Irske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Irske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-låtskrivarar Kategori:Melodi Grand Prix 2021-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 2024-låtskrivarar Kategori:Melodi Grand Prix 2026-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 2026-låtskrivarar Kategori:Deltakarar i Melodi Grand Prix Junior