Mariam Shengelia () er ein georgisk songar. Ho representerte Georgia i Eurovision Song Contest 2025 med songen «Freedom». Ho enda på 15. plass i den andre semifinalen og kvalifiserte seg ikkje til finalen.

Shengelia er medlem av den georgiske musikkgruppa Mix2ura.

Tidleg liv Shengelia vart fødd 14. mai 2002 i den historiske regionen Mingrelia, og vaks opp i hovudstaden Tbilisi fram til ho var ti år gammal. Deretter flytta ho vestover til Zugdidi saman med familien sin. Ho utvikla tidleg interesse for song og sceneframføring. Shengelia gjekk på Tbilisi State Conservatoire, der ho studerte musikkteori og vokal framføring. Dei tidlege musikalske inspirasjonane hennar spente over fleire sjangrar, mellom anna jazz, pop og soul.

Karriere I 2018 fekk Shengelia for første gong nasjonal merksemd då ho deltok i den femte og siste sesongen av X Factor Georgia, der ho nådde semifinalane. Eit år seinare konkurrerte ho i den andre sesongen av Georgian Idol, som vart brukt til å velje den georgiske representanten til den avlyste Eurovision Song Contest 2020, der ho enda på ein sjetteplass. Dersom konkurransen hadde blitt gjennomført, kunne ho ha vore ein av koristane på Tornike Kipiani sin song «Take Me as I Am», som vart vald til å representere Georgia det året.

I 2021 deltok Shengelia i den fjerde sesongen av The Voice Sakartvelo, der ho vart slått ut i semifinalen. Fire år seinare enda ho som nummer to i Tsekvaven Varskvlavebi, den georgiske versjonen av TV-konseptet Skal vi danse

Den 14. mars 2025 kunngjorde den georgiske ålmennkringkastaren GPB at «Freedom», framført av Shengelia, var det georgiske bidraget til Eurovision Song Contest 2025 i Basel. Ho enda på 15. plass i den andre semifinalen med den nest lågaste poengsummen, og kvalifiserte seg difor ikkje til finalen. Politiske syn Shengelia har blitt kritisert for open støtte til regjeringspartiet Georgisk Drøm og for å ha delteke i reklamekampanjar og konsertar støtta av partiet. Ho har uttalt at ho gjennom deltaking i konsertar ønskjer å spreia hovudbodskapen sin, som er fred. Ifølgje medieoppslag deltok ho opphavleg i protestar mot regjeringspartiet i 2023, og ho delte i 2022 eit innlegg på Facebook der ho bad om orsaking for handlingane til den andre Garibashvili-regjeringa i samband med den russiske invasjonen av Ukraina.

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mariam Shengelia» frå , den 3. januar 2026.

Kategori:Georgiske songarar Kategori:Georgiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-deltakarar