Yuval Raphael () er ein israelsk songar og låtskrivar. Etter å ha vunne den ellevte sesongen av songkonkurransen HaKokhav HaBa, representerte ho Israel i Eurovision Song Contest 2025 med songen «New Day Will Rise». Ho enda på andreplass samanlagt med 357 poeng og vann telefonrøystinga.

Biografi Raphael er dotter av Liat og Zvika Raphael, og niese av forretningskvinna Ronit Raphael, og kjem frå Ra’anana i sentraldistriktet i Israel. Ho vart fødd i Tel Aviv og vaks opp i Pedaya. Tre år av barndommen budde ho i Genève i Sveits. Som barn høyrde ho på rockeband som Led Zeppelin og Scorpions, og songarar som Beyoncé og Céline Dion. I skuletida dreiv Raphael med teater og studerte arabisk. Etter fullført vidaregåande skule tenestegjorde ho som kontrollpost-soldat i Jerusalem-området i Militærpolitiet i Israels forsvar (IDF). Ho byrja å synge profesjonelt i 2024.

Raphael deltok på Supernova Sukkot Gathering, ein utandørs musikkfestival nær Re’im, den 7. oktober 2023, då Hamas-militantar gjekk til åtak på festivalen. Ho gøymde seg i eit såkalla «Death Shelter» nær Be’eri saman med 50 andre personar, og vart skadd av granatsplintar frå granatar som vart kasta inn i tilfluktsrommet. Raphael var ein av 11 overlevande, etter å ha lege gøymd under døde kroppar i åtte timar. I ein tale for SNs menneskerettsråd (UNHRC) i mars 2024 skildra ho det ho var vitne til under massakren.

Karriere HaKokhav HaBa 2025 Den 19. november 2024 vart auditionen hennar til den ellevte sesongen av HaKokhav HaBa sendt. Programmet fungerte som den israelske uttakinga til Eurovision Song Contest 2025. Ho framførte songen «Anyone» og gjekk vidare til neste runde med ein poengsum på 98 %. Ho nådde finalen 22. januar 2025, der ho song «Dancing Queen» og «Writing’s on the Wall». Framføringa av førstnemnde tileigna ho dei som vart drepne under massakren på Nova musikkfestival. Ho enda på førsteplass og vart vald til å representere Israel i Eurovision Song Contest 2025, som etterfølgjar av Eden Golan, som hadde skapt kontrovers i den førre konkurransen grunna landet sitt engasjement i Gaza-krigen. Då valet vart kunngjort, budde ho i Ra’anana.

Eurovision Song Contest 2025

Raphael representerte Israel i Eurovision Song Contest 2025 med songen «New Day Will Rise», skriven og komponert av Keren Peles og produsert av Tomer Biran. Bidraget vart presentert 9. mars 2025 saman med den offisielle musikkvideoen, utgjeven av den israelske allmennkringkastaren (IPBC/Kan). Songen vart skildra av media som ein fleirspråkleg, orkestral popballade med tekst på engelsk, fransk og hebraisk, og med innslag frå Høgsongen i den hebraiske Bibelen, som symboliserer håp, eining og fornying.

Israel vart trekt til å konkurrere i den andre semifinalen, som vart halden 15. mai 2025 i Basel i Sveits. Raphael opptredde som nummer fjorten av seksten bidrag og kvalifiserte seg til finalen etter å ha vunne semifinalen med totalt 203 poeng frå telefonrøystinga.

I finalen 17. mai 2025 opptrådde Raphael som nummer fire i rekkjefølgja. Israel vart nummer to samanlagt med 357 poeng, inkludert 297 poeng frå telefonrøystinga, som ho vann, og 60 poeng frå dei profesjonelle juryane, der ho enda på fjortandeplass. «New Day Will Rise» fekk kommersiell suksess og debuterte på førsteplass på den israelske radiolista, og nådde topp 50 i Austerrike, Litauen, Sverige og Sveits.

Etter Eurovision Etter konkurransen fekk Raphael større merksemd både i Israel og internasjonalt. Den 22. mai 2025 opptredde ho saman med Keren Peles på Hostages Square i Tel Aviv under eit offentleg arrangement til støtte for gislane.

Den første singelen hennar etter Eurovision, «Amber Skies», vart gjeven ut 16. oktober 2025 som ein del av lydsporet til HBO Max-serien One Day in October. Den 19. oktober 2025 gav Raphael ut debut-EP-en 22:22, som ho sjølv har skildra som eit djupt personleg prosjekt med tema som indre ro og emosjonell tilfrisking. I eit intervju med Mako forklarte ho at det gjentakande talet «22:22» symboliserer ro og åndeleg balanse i livet hennar.

Privatliv Under HaKokhav HaBa arbeidde Raphael tett saman med medkonkurrenten Ido Malka, og dei to innleidde seinare eit romantisk forhold som vart offentleggjort i mars 2025. Malka følgde Raphael som ein del av den israelske delegasjonen under Eurovision.

Merknadar

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Yuval Raphael» frå , den 9. januar 2026.

Kategori:Israelske songarar Kategori:Israelske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Israelske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2026-låtksrivarar