Simona Aebersold () er ein sveitsisk orienteringsutøvar frå Bern. Ho vart verdsmeister på normaldistansen i 2023 og 2025.
Aktiv I 2018 sprang Aebersold inn til bronsemedalje på mellomdistansen i europameisterskapen, bak svenske Tove Alexandersson og finske Marika Teini. Året etter tok Aebersold sølvmedaljar på mellomdistansen og stafetten, samt bronsemedaljen på normaldistansen i verdsmeisterskapen i Østfold. I mai 2021 vann ho gull, sølv og bronse i dei tre tevlingane ved europameisterskapen i Neuchâtel. Frå verdsmeisterskapen i tsjekkiske Doksy i byrjinga av juli reiste ho heim med tre bronsemedaljar og ein sølvmedalje. Sommaren 2022 sprang ho inn til sølv på kort-distansen ved VM i danske Vejle.
Under verdsmeisterskapen 2023 i Flims/Laax lukkast Aebersold vinne normaldistansen og vise Tove Alexandersson til sølvplassen. Deretter vann ho sølv med det sveitsiske laget. I 2024 vann Aebersold gull i sprint-stafetten ved verdsmeisterskapen i Edinburgh og sølv og bronse i dei to individuelle tevlingane. Juli 2025 lukkast ho forsvare meistertittelen på normaldistansen under VM i Kuopio, ni sekund føre Tove Alexandersson.
Åra 2024 og 2025 steig Aebersold heilt til topps i verdscupen i orientering.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Simona Aebersold» frå , den 20. mars 2026.
Kategori:Sveitsiske orienteringsløparar Kategori:Verdsmeistrar i orientering