Ilijana Malinova Jotova () er ein bulgarsk politikar og journalist som har vore president i Bulgaria sidan 23. januar 2026. Ho er den første kvinna som har hatt dette embetet. Jotova er medlem av Det bulgarske sosialistpartiet (BSP) og var tidlegare visepresident under Rumen Radev frå 2017 til 2026.
Bakgrunn Ilijana Malinova Jotova vart fødd i Sofia i Folkerepublikken Bulgaria 24. oktober 1964. Ho studerte ved Lycée Français de Sofia. Ho tok ein grad i bulgarsk og fransk filologi ved Universitetet i Sofia og spesialiserte seg seinare ved École nationale d'administration (ENA, Den nasjonale forvaltningsskulen) i Strasbourg i Frankrike, og ved Senteret for europastudiar (CEES) ved Universitetet i Strasbourg.
På 1980-talet arbeidde Malinova som sjukepleiar ved Første sjukehus i Sofia St. Johannes Døyparen. Frå 1990 til 1997 arbeidde ho ved Bulgarsk nasjonalfjernsyn som reporter, redaktør, regissør og programleiar for nyheits- og aktualitetsprogram, og vart òg leiar for avdelinga for nyheiter og aktualitet. I 1997 vart ho direktør for pressetenesta til Det bulgarske sosialistpartiet.
Politisk karriere
Ved parlamentsvalet i 2005 vart Jotova vald inn i nasjonalforsamlinga, eit verv ho hadde fram til 2007. I denne perioden leia ho den bulgarske delegasjonen til Assemblée parlementaire de la Francophonie og var medlem av delegasjonen til Den parlamentariske forsamlinga i Europarådet.
Medlem av Europaparlamentet (2007–2017) Jotova vart medlem av Europaparlamentet i 2007 og vart attvald i 2014. Der var ho del av gruppa Progressive Alliance of Socialists and Democrats.
I Europaparlamentet sat Jotova i Komiteen for indre marknad og forbrukarvern (2007–2009), Fiskerikomiteen (2009–2014) og Komiteen for petisjonar (2009–2014). Frå 2012 til 2013 var ho òg medlem av den spesielle komiteen for organisert kriminalitet, korrupsjon og kvitvasking av pengar. Etter valet i 2014 vart ho nestleiar i Komiteen for borgarlege rettar, justis og indre saker, under leiing av komitéleiar Claude Moraes. I denne rolla var ho saksordførar for parlamentsgruppa si for ein rapport i 2015 som tok til orde for ei rettferdig fordeling av 40 000 flyktningar i EU.
I tillegg til komitéarbeidet var Jotova leiar for parlamentet sin delegasjon til den parlamentariske stabiliserings- og assosieringskomiteen EU–Montenegro, og medlem av delegasjonen til Den parlamentariske forsamlinga for Middelhavet. Ho var òg medlem av Europaparlamentet si tverrpolitiske gruppe for integritet (openheit, antikorrupsjon og kamp mot organisert kriminalitet).
Visepresident i Bulgaria (2017–2026)
Før presidentvalet i Bulgaria i 2016 vart Jotova offisielt nominert som makkar til presidentkandidaten Rumen Radev frå Det bulgarske sosialistpartiet. Etter valet til visepresident trekte ho seg frå setet sitt i Europaparlamentet. Som visepresident arbeidde Jotova særleg med kontakt med bulgarske samfunn i utlandet og med å fremje bulgarsk utdanning og språk. Dei vart begge innsette 19. januar 2017 og tok til i embeta sine 22. januar.
Den 1. februar 2021 kunngjorde president Radev offisielt at han og Ilijana Jotova ville stille til ein ny periode ved valet i 2021. I den andre valomgangen, som vart halden 21. november, slo Rumen Radev motkandidaten Gerdjikov med 66 % av røystene, noko som sikra ein ny periode for Jotova òg. Ho vart innsett 19. januar 2022, og perioden hennar tok offisielt til den 22. januar.
Den 21. mars 2024 deltok Jotova på eit utdanningsforum i Lisboa, som ho sponsa. Der tok ho til orde for å opprette ein bulgarsk kulturinstitusjon i utlandet for å fremje bulgarsk kultur og språk internasjonalt.
President i Bulgaria (2026–) I ein tale til nasjonen 19. januar 2026 kunngjorde den dåverande presidenten Rumen Radev at han hadde til hensikt å gå av. Dagen etter leverte Radev oppseiinga si som president til forfatningsdomstolen. Tre dagar seinare, 23. januar, godkjende forfatningsdomstolen formelt oppseiinga, og Radev sitt presidentembete tok dermed slutt. Kort tid etter avgjerda forlét Radev presidentpalasset «Dondukov 2» saman med Jotova, den nye presidenten, og tala til støttespelarane sine, der han lova ein samla kamp i dei komande parlamentsvala. Ilijana Jotova vart offisielt den første kvinnelege presidenten i Bulgaria 23. januar 2026, i forkant av det planlagde nyvalet for å fullføre Radev sin presidentperiode.
Privatliv
Jotova gifta seg med Andrej Jotov, ein lege ho møtte ved Første sjukehus i Sofia St. Johannes Døyparen, i 1985. Dei har eitt barn.
Ved sida av morsmålet bulgarsk talar Jotova flytande fransk og har òg kunnskapar i russisk og engelsk.
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Iliana Iotova» frå , den 13. januar 2026.
Kategori:Bulgarske politikarar Kategori:Bulgarske presidentar Kategori:Bulgarske journalistar Kategori:Første kvinnelege stats- og regjeringsleiarar