mini|Framstilling av strukturen til kjemiske namn etter IUPAC-nomenklatur. IUPAC-nomenklatur viser til ein serie av systematiske namngjevingsreglar for kjemiske samband som er utarbeidd av IUPAC for å forenkla arbeidet for kjemikarar og naturvitarar. Det avleidde namnet skal, i tillegg til å vera eit namn på eit kjemikalie som kan nyttast i både tale og skrift, òg formidla strukturell og kjemisk informasjon om emnet og deriblant angje kva atomslag og funksjonelle grupper som er inkluderte.Brief guides to nomenclature, IUPAC

IUPAC utarbeider internasjonale namngjevingsreglar på engelsk og ut frå desse reglane er det opp til dei nasjonale kjemi- og vitskapsakademia å utarbeida reglar som er tilpassa for respektive landspråk. IUPAC-nomenklaturen er utforma slik at det er fullt mogleg at eit stoff kan få fleire ulike namn, men det omvendte tilhøvet at fleire ulike stoff får same namn kan ikkje skje.

Historie I barndommen til kjemifaget var ikkje behovet for ein einskapleg nomenklatur så stort. Kjemikaliar som blei isolerte eller framstilte fekk ofte namn etter det det var isolert frå, til dømes sitronsyre. I somme tilfelle kunne stoffet få namn etter kjemikaren som oppdaga det, til dømes glaubersalt og Mohrs salt.

I takt med utviklinga av kjemien blei det framstilt fleire og fleire stoff, og for å føra orden i namnekaoset som oppstod innsåg kjemikarane snart at det var nødvendig å innføra ei form for einskapleg nomenklatur. Allereie i 1860 tok kjemikaren Kekulé initiativ til ein kjemikarkonferanse der ein mellom anna tok for seg ein slik nomenklatur.

I 1892 blei det danna ein komité med sete i Genève som hadde som som oppgåve å utarbeida ein kjemisk nomenklatur. Komiteen la fram det fyrste forslaget sitt i Paris i 1911. IUPAC blei skipa i 1919 som den internasjonale organisasjonen som utferdar anbefalingar med omsyn til kjemisk nomenklatur.

Nomenklatur for organisk kjemi Innan organisk kjemi er behovet for ein einskapleg nomenklatur størst. Ein kjenner til millionar av organiske samband, og talet på kjende stoff aukar heile tida.

IUPAC-systemet for namngjeving av reine hydrokarbon baserer seg på følgjande prinsipp:

Prefiks - Stamme - Suffiks

Prefiksa, når dei blir nytta, angjev som regel kva substitutt stoffet har og kvar desse er plasserte. Stemmen er basert på kor mange karbonatom den lengste kjeda i molekylet inneheld. Suffikset angir kva stoffgruppe stoffet tilhøyrer.

Alifatiske samband For å bestemma stammen til namnet nyttar ein talet på karbonatom i molekylet med den lengste samanhengande kjeda som utgangspunkt. met- (1)et- (2)prop- (3)but- (4)pent- (5)heks- (6)hept- (7)okt- (8)non- (9)dek- (10)undek- (11)dodek- (12)tridek- (13)tetradek- (14)... Prefiksa met-, et-, prop- og but- har av historiske årsaker blitt brukt til å representera organiske substansar med ein, to, tre respektive fire karbonatom. Andre prefiks er avleidd frå ordenstala frå gresk.

Sykliske samband Sykliske samband får forleddet syklo- i tillegg til stammen.

Alkan Alkan får suffikset -an i tillegg til stammen. For eksempel får eit alkan beståande av 4 karbonatom i ei rett kjede stammen but- og ettersom det er eit alkan får det suffikset -an. Stoffet får då namnet butan. På same vis får eit syklisk alkan beståande av 6 karbonatom namnet sykloheksan.

Alken Alken får suffikset -en i tillegg til stammen. Døme er buten og syklopenten. Alken som inneheld fleire dobbeltbindingar får suffikset -adien om dei inneheld to dobbeltbindingar og suffikset -atrien ved tre dobbeltbindingar.

Alkyn Alkyn får suffikset -yn i tillegg til stammen.

Alkyn med fleire trippelbindingar får suffikset -adiyn om dei inneheldt to trippelbindingar og -atriyn om dei inneheld tre trippelbindingar.

Aromatiske samansettingar, arylsamansettingar Ein del aromatiske trivialnamn er blitt tatt med i IUPAC sine anbefalingar av historiske grunnar. Aromatiske samband tilhøyrde sambanda som fyrst blei isolerte, og har difor samla ein hel del ikkje-systematiske namn.

Radikal Radikal får endinga -yl. Alkylradikal blir namngjevne etter modellen stamme + -yl, til dømes butyl- og syklopentyl-. Alkenyl- og alkynylradikal er namngjevne etter modellen stamme + suffiks + yl, til dømes butenyl- og butynyl-.

Substitutt Hydrokarbon med substitutt blir namngjevne gjennom å leggja til prefikset n-radikalnamn-, der n er eit siffer, i tillegg til stammen. Om eit stoff til dømes har ei metylgruppe på det andre karbonatomet får ein prefikset 2-metyl- som til dømes i 2-metyl-butan.

Stoffgrupper Ved namngjeving av andre stoff enn reine hydrokarbon går ein ut frå eit grunnhydrokarbon som blir namngjeve etter reglane over. Heile hydrokarbonnamn vert då stamme i dei komande namngjevingsreglane. Stoffgrupper er vanlegvis angjevne i form av eit suffiks til det respektive hydrokarbonnamnet. Om molekylet det gjeld inneheld fleire ulike funksjonelle grupper blir dei andre gruppene angjevne med prefiks. StoffgruppeSuffiksPrefiksEksempelKommentarKarboksylsyrer -syrekarboksi-Metansyre†Ester -oat - - -Aldehyd -alokso- - -Keton -onokso- - -AlkoholFenol -ol-diol-triolhydroksi-Etanol -Tiol -tiolmerkapto- - -Amin(radikal)-aminamino- - -

† Mange trivialnamn på karboksylsyrer har blitt akseptert av IUPAC av historiske årsaker, mellom anna for aminosyrene.

Uorganisk nomenklatur Reglar og anbefalingar blir utarbeidde av IUPAC.

Støkiometrisk tilhøyring For å gje støkiometriske tilhøve i uorganiske samband har IUPAC forordna to metodar:

Med prefiks Med oksidasjonsstal

Angjeving av prefiks Støkiometriske forhold blir angjevne gjennom å setja prefiks framfor dei inkluderte atomtypane. Mono- (1) di- (2) tri- (3) tetra- (4) penta- (5) heksa- (6) hepta- (7) okta- (8) enna- (9) deka- (10) hendeka- (11) dodeka- (12) Døme: dinitrogenoksid (N2), nitrogendioksid (NO2), svoveltrioksid (SO3). Vanlegvis kan ein utelata prefikset mono-, men ein kan ta det med når det er risiko for forveksling, til dømes er det svært vanleg at ein skriv karbonmonoksid i staden for karbonoksid for verkeleg å understreka at det handlar om det giftige oksidet og ikkje den relativt harmlause gassen karbondioksid.

Angjeving av oksidasjonstall Den andre metoden for å anghe støkiometriske forhold er å angje oksidasjonstalet for atomtypen i samband med romerske siffer i parentes i namnet, til dømes kopar (I) klorid CuCl, kopar (II) kloride CuCl2 (uttalt høvesvis kopar-eitt-klorid og kopar-to-klorid). Dette er særleg viktig for atomtypar som har mange oksidasjonsstal: Nitrogen(I)oksid N2O, Nitrogen(IV)oksid NO2, svovel(VI)oksid SO3.

Uorganiske syrer IUPAC har forordna at trivialnamna blir nytta for dei vanlegaste syrene og at dei systematiske namna blir nytta for andre syrar.

Ion

Kation Kation, positivt ladde ion, får namn etter det norske namnet på atomtypen etterfølgd av -ion, til dømes natriumion. Når det er relevant, til dømes når atomtypen kan førekoma i fleire med fleire ulike oksidasjonsstal, angjev ein òg okidasjonstalet til atomtypen, til dømes Cu+ koppar(I)ion og Cu2+ koppar(II)ion.

Anion

Monoatomære anion Monoatomære anion er basert på det latinske namnet på atomtypen (ofte med fornorska stavemåte) med endinga -idion. H- hydridion(jamfør hydrogenion H+)N3- nitridionO2- oksidionC4- karbidionS2- sulfidion

Polyatomære anion Polyatomære ion har endinga -at, til dømes sulfat, klorat, karbonat, nitrat, fosfat.

Visse polyatomære ion har av historiske årsaker endinga -id: OH--hydroksidionCN--cyanidion Polyatomære ion med sentralatom som har eit lågare oksidasjonsstal enn tilsvarande -aktion får i staden endinga -itt. Dette systemet er ikkje anbefalt av IUPAC men blir likevel akseptert for stoff som er å rekna som vanlege, til dømes sulfittion (SO3-) og nitrittion (NO2-).

Anion av karboksylsyrer Namna blir danna av dei latinske namna på syrene med suffikset -at. Sitronsyre, citrat (acidum citricum) Mjølkesyre, laktat (acidum lacticum) Vinsyre, tartrat (acidum tartaricum) Eddiksyre, acetat (acidum aceticum)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «IUPAC-nomenklatur» frå , den 1. april 2026.

Bakgrunnsstoff IUPAC.org IUPAC Standards Online

Kategori:Klassifiseringssystem Kategori:Kjemisk nomenklatur Kategori:Kjemiske sambindingar