Ahlert Hysing () var ein norsk skulemann, ordførar og stortingsmann frå Bergen, busett i Larvik.
Hysing, som var fødd i København, var son til ein stiftsprost. Sjølv var han elev ved katedralskulen i Bergen og studerte til cand.theol. Etter han var ferdig med studiane i 1819, arbeidde han nokre år som adjunkt i heimbyen. Frå 1824 til 1867 var han styrar og overlærar ved mellomskulen i Larvik, siste 16 åra med tittelen rektor. Hysing representerte valkrinsen Larvik og Sandefjord i 1830-stortinget. På Tinget var han medlem i Kyrkjekomiteen og komiteen om kjøpstadskatten, og sekretær i komiteen om astronomen Christopher Hansteen si to år lange, statsstøtta reise i Sibir. Frå 1838 til 1848 var han Larviks fyrste ordførar. Han var styreleiar i den lokale sparebanken 1845-65.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.
Kategori:Stortingsrepresentantar 1830-1832 Kategori:Stortingsrepresentantar for Larvik og Sandefjord Kategori:Ordførarar i Larvik Kategori:Norske skulefolk Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Folk frå Larvik